Prosjektleder

Prosjektdeltakere

Plastics Fate and effects in the human body er eitt av fem forskingsprosjekt i ein europeisk forskingsklynge (CUSP) som arbeider for å forstå helseeffektar av mikro- og nanoplast, og involverer 28 partnarar frå 11 europeiske land.

Prosjektet vil utvikle validerte karakteriseringsmetodar for mikro- og nanoplastpartiklar med fokus på eksponering og helseeffektar. I prosjektet har STAMI ein sentral rolle på området luftborne mikro-og nanoplastpartiklar i samband med arbeidsmiljø.

Her finn du nettsidene til heile prosjektet

Bakgrunn

Mikro-og nanoplast (MNP) finst no overalt, i naturen, i lufta, i vatnet vi drikk og i maten vår. Dei små plastpartiklane stammar frå nedbrytinga av større plaststrukturar, eller blir spesifikt produsert og tilsett til produkt som kosmetikk, syntetiske tekstil eller maling.

Det har blitt tydeleg at mikro- og nanoplast er del av liva til menneske over heile verda. Utan å tenke over det, inntar vi mikro- og nanoplast gjennom maten vi et, vatnet vi drikk og lufta vi pustar. Forureinande stoff, som tungmetall, allergen, giftstoff og mikroorganismar, kan vere festa på desse partiklane og er ein potensiell fare både for naturen og helsa til dyr og menneske.

Eksponering for plastpartiklar er knytt til risiko. Men vi har i dag ikkje verktøy til å måle eller skildre dei nøyaktig, vi veit ikkje kvar dei endar opp i kroppen vår etter eksponering, og vi har ikkje kunnskap om korleis dei påverkar helsa vår.

Målet med PlasticsFate er å utvikle karakteriseringstester og referansemateriell for MNP, etablere validerte metodar for å måle MNP i komplekse matriser og vurdere relevante eksponeringsnivå/-kjelder, og kva som til slutt skjer med mikro- og nanoplasten vi blir eksponerte for.

In-vitro-/in-vivo-modellar skal utviklast for å studere verknaden av MNP i menneskekroppen. Kunnskapen og metodologien vil bli del av ein ny strategi for vurdering og handtering av helse- og miljørisiko frå MNP.

Prosjektmål

Målet med PlasticsFate er å gi betre forståing av kva verknad mikro- og nanoplastpartiklar og tilknytte tilsettingsstoff og forureinande stoff har i menneskekroppen. Ved STAMI er fokuset på luftborne MNP i arbeidsmiljøet.

Vitskapeleg verdi

Den nye vitskapelege kunnskapen som kjem fram, vil vere eit viktig bidrag til å styrke forståinga av kva verknad plastpartiklar har på menneske si helse, og på den måten bidra til å implementere relevante EU-strategiar og internasjonal standardisering.

Dette vil også bidra til at selskap som utviklar, gjennvinn og bruker plast i produkt, tar kunnskapsbaserte, medvitne og trygge avgjerder om helse og miljø, herunder arbeidsmiljøet.

Eksterne samarbeidspartnarar

Private forskingsintitutt: ISTEC-CEN, CSIC (Spania), ITENE (Spania), UFZ (Tyskland), FHG (Tyskland), IGB (Tyskland), GAIKER (Spania)
Nasjonale offentlege institutt: STAMI (Norge), BAM (Tyskland), NRCWE (Danmark), UBA (Tyskland)
Medisinske forskingssenter: UMCU (Nederland), FAU (Tyskland),
Universitet: WFSR (Nederland), ULEIDEN (Nederland), UL (Slovenia), BOKU (Østerrike), UBT (Tyskland), UNITO (Italia), URTV (Italia), UP (Frankrike), NTUA (Hellas)
Små og mellomstore selskap: ENAS (Tyskland), ERS (Tyskland), INNO (Nederland), OPTIMAT (England), DECHEMA (Tyskland)
Store selskap: ECAMRICERT (Italia)

Økonomiske bidragsytarar

EU-Horizon 2020