Hjem Prosjekter Helseeffektar av nanocellulose – immuncel[...]

Helseeffektar av nanocellulose – immunceller si rolle i utviklinga av betennelsesreaksjonar i lungene

Prosjektet undersøker immunceller si rolle i utviklinga av betennelsesreaksjonar i lungene, ved innanding av partiklar. Prosjektet fokuserer spesielt på eksponering for nanocellulose som er eit nytt, fornybart biomaterial.

Prosjektleder

Prosjektdeltakere

Lungemakrofagar er ein type immunceller som har ei viktig rolle i lungene sitt immunforsvar. Og endringar i deira aktivitet vil kunne påverke sjukdomsbiletet hos eksponerte arbeidarar.

Funna i denne studien vil bidra til auka forståing av kva som regulerer betennelsesreaksjonar i lungene, og gi informasjon om kvifor nokon får langvarig lungebetennelse ved eksponering for partiklar i arbeidsmiljøet.

Nanocellulose blir produsert frå tre og har mange attraktive eigenskapar som kan nyttast i ulike industriar. Nanocellulose er samansett av veldig små tynne fiber i nanostorleik som er bygd opp av kjeder av cellulosemolekyl.

Dette gjer fibrane veldig sterke. Eigenskapane til cellulosenanofibrane gjer også at den blir veldig tjuktflytande i vatn, noko som industrien bruker for å endre flyteeigenskapane i produkt som maling, kosmetikk og mat.

Nanocellulosekompositt er også ein lovande alternativ råvare til plastfilm og isolerande skum som blir brukt i emballasje.

Innanding av støv frå nanocellulose eller nanocellulosekompositt under produksjon kan gi ugunstige helseeffektar hos arbeidarar som er i kontakt med materialet. Ved innanding vil små partiklar som nanocellulose nå djupt i lungene og inn i lungeblærene der gassutveksling skjer.

Når eit framandstoff blir pusta inn vil lungemakrofagar prøve å fjerne det, og immunforsvaret i lungene bli aktivert. Balansen i makrofagaktiveringa er veldig viktig for å regulere intensiteten og varigheita på immunresponsen. I tilfelle der denne balansen er forstyrra kan kroniske inflammatoriske lungesjukdomar oppstå.

Eksterne samarbeidspartnarar:

Finnish Institute of Occupational Health, Finland
Institute of Experimental Medicine, Czech Academy of Sciences, Tsjekkia
Oslo Universitetssykehus, Oslo, Noreg
NTNU, Trondheim, Noreg
National Research Centre for Work Environment, Danmark

Få nyhetsbrev
Lukk