Prosjektleder

Prosjektdeltakere

Lungemakrofagar er ein type immunceller som har ei viktig rolle i lungene sitt immunforsvar. Og endringar i deira aktivitet vil kunne påverke sjukdomsbiletet hos eksponerte arbeidarar.

Funna i denne studien vil bidra til auka forståing av kva som regulerer betennelsesreaksjonar i lungene, og gi informasjon om kvifor nokon får langvarig lungebetennelse ved eksponering for partiklar i arbeidsmiljøet.

Nanocellulose blir produsert frå tre og har mange attraktive eigenskapar som kan nyttast i ulike industriar. Nanocellulose er samansett av veldig små tynne fiber i nanostorleik som er bygd opp av kjeder av cellulosemolekyl.

Dette gjer fibrane veldig sterke. Eigenskapane til cellulosenanofibrane gjer også at den blir veldig tjuktflytande i vatn, noko som industrien bruker for å endre flyteeigenskapane i produkt som maling, kosmetikk og mat.

Nanocellulosekompositt er også ein lovande alternativ råvare til plastfilm og isolerande skum som blir brukt i emballasje.

Innanding av støv frå nanocellulose eller nanocellulosekompositt under produksjon kan gi ugunstige helseeffektar hos arbeidarar som er i kontakt med materialet. Ved innanding vil små partiklar som nanocellulose nå djupt i lungene og inn i lungeblærene der gassutveksling skjer.

Når eit framandstoff blir pusta inn vil lungemakrofagar prøve å fjerne det, og immunforsvaret i lungene bli aktivert. Balansen i makrofagaktiveringa er veldig viktig for å regulere intensiteten og varigheita på immunresponsen. I tilfelle der denne balansen er forstyrra kan kroniske inflammatoriske lungesjukdomar oppstå.

Eksterne samarbeidspartnarar:

Finnish Institute of Occupational Health, Finland
Institute of Experimental Medicine, Czech Academy of Sciences, Tsjekkia
Oslo Universitetssykehus, Oslo, Noreg
NTNU, Trondheim, Noreg
National Research Centre for Work Environment, Danmark