Styresmaktene i Europa har stilt større krav til klima- og miljøvennleg produksjon, og krav om gjenvinning av ressursar. Dette har ført til nye næringar og nye arbeidsoperasjonar i arbeidslivet.

Men med nye arbeidsmetodar kjem nye utfordringar og risikofaktorar i arbeidsmiljøet. Korleis kan ein løyse dette?

Høgt sjukefråvær

STAMI forskar på arbeidsmiljøutfordringar i desse nye yrka, som blir kalla for «grøne yrke». Det er arbeidsplassar i næringar som på ulike måtar bidrar til å bevare eller gjenoppbygge miljø og klima.

Også i Noreg er det no mange tilsette i såkalla grøne yrker, som i renovasjon og gjenvinning. Her har førekomsten av sjukefråvær i avfallsbransjen vore over gjennomsnittet samanlikna med andre industriyrke.

– Ny lovgjeving, nye teknologiar og nye arbeidsprosessar som skal verne klima og miljø, kan medføre ny risiko for dei tilsette. Det kan vere nye og ukjende risikofaktorar, og då er det ikkje tilstrekkeleg med dagens kunnskap om risiko og risikohandtering, seier STAMI-forskar Live Bakke Finne.

Nordisk kurs om utfordringane

I mars leiar ho eit kurs i regi av NIVA (Nordisk institusjon for vidareutdanning innanfor arbeidsmiljøområdet), om nye utfordringar med arbeidsmiljø i avfallsbransjen.

Her finn du meir informasjon om kurset og påmelding

Kurset er for forskarar på alle nivå, praktikarar (f.eks. bedriftshelsepersonell, HR- eller HMS-medarbeidarar), leiarar og tilsette som er interessert i denne problemstillinga.

– I dette kurset er målet å gi deltakarane ei forståing av utfordringane i arbeidsmiljøet på desse arbeidsplassane. Og i tillegg korleis det påverkar helsa til dei tilsette, spesielt i nordisk samanheng, seier Live Bakke Finne.

Forelesarane skal undersøke og forklare arbeidsmiljøutfordringar som er relevante for «grøne jobbar», og i tillegg å identifisere aktuelle kunnskapshol.

– Vi vil legge spesielt vekt på faktorar ved det psykososiale arbeidsmiljøet, kjemiske og biologiske eksponeringar, og gjenvinningsbransjen i dei nordiske landa. Men kurset skal også handle om andre relevante aspekt ved arbeidsmiljøet, som ergonomiske faktorar, då desse nye næringane inneber eit breitt spekter av utfordringar i arbeidsmiljøet

Kurset er i Oslo frå 19. til 21. mars, og påmeldingsfristen er 12. februar.

Her finn du meir informasjon om kurset og påmelding