Hjem Nyheter Emosjonelt arbeid er ein viktig årsak til[...]

Emosjonelt arbeid er ein viktig årsak til sjukefråvær i heimetenesten

Ein ny studie frå STAMI viser at psykososiale faktorar i heimetenesten kan forklare høgare risiko for å bli sjukmeldt på grunn av psykiske plager.

I heimetenesten er sjukefråværet nesten dobbelt så høgt som i resten av arbeidslivet. Og for å finne ut kva som er årsakene til det høge sjukefråværet, forskar STAMI på nettopp dette.

Frå før visste vi at halvparten av sjukmeldte i heimetenesten oppgir at sjukefråværet kjem av helseproblem som heilt eller delvis skuldast forholda på jobben.

Nasjonal statistikk om arbeidsmiljø og arbeidshelse viser at tilsette i heimetenesten generelt er langt meir utsette for psykososiale risikofaktorar i arbeidsmiljøet, enn gjennomsnittet i den yrkesaktive befolkinga.

Psykososiale utfordringar i arbeidsmiljøet

Spesielt skil heimetenesten seg ut med høge emosjonelle krav, uønskt seksuell merksemd, og vald og truslar om vald.

Men tilsette i bransjen opplever også i stor grad høge krav og lav kontroll i arbeidet, rollekonflikt, og ubalanse mellom innsats og påskjønning.

– Psykiske plager står for ein betydeleg del av sjukefråværet i denne bransjen, og mykje av dette er relatert til psykososiale faktorar i arbeidet, seier Rigmor Knutsen, som er stipendiat på STAMI og som forskar på sjukefråværet i heimetenesten.

Emosjonelle krav er viktig faktor

For å kunne forklare samanhengen mellom psykososiale faktorar i arbeidet, og legemeldt sjukefråvær, har Knutsen og hennar kollegaar samla inn informasjon om arbeidsmiljø frå tilsette i heimetenesten i 130 kommunar i Noreg.

Denne informasjonen har forskarane samanlikna med deltakarane sitt sjukefråvær, som er registrert hos NAV. Då kunne forskarane sjå kva deltakarane rapporterte om psykososialt arbeidsmiljø, og så sjå om dei hadde sjukefråvær dei neste to åra.

Her har dei funne samanheng mellom psykososiale faktorar i arbeidsmiljøet, og legemeldt sjukefråvær der psykiske plager er oppgitt som diagnose.

– Her ser vi også at emosjonell dissonans og emosjonelle krav kan forklare opp til 30 prosent av sjukefråværet med psykiske helseplager som diagnose. Så dette er viktige risikofaktorar i arbeidsmiljøet i heimetenesten, seier Knutsen.

Emosjonell dissonans er det ein opplever når arbeidet krev at ein må uttrykke andre kjensler enn dei ein har sjølv, og undertrykke sine eigentlege kjensler.

Emosjonelle krav handlar her om kor vidt ein må forholde seg til sterke kjensler hos brukarar og pårørande.

Ein anna faktor som har samanheng med sjukefråvær er kontroll over arbeidsintensitet, for eksempel i kva grad ein kan kontrollere når ein kan ta ein pause.

– Å kunne kontrollere arbeidsintensitet førte til ein lavare risiko for sjukefråvær, viser studien. Altså virkar dette som ein beskyttande faktor. Men det virkar også motsatt, så dersom ein har lite kontroll over arbeidsintensiteten kan det føre til høgare risiko for sjukefråvær, seier stipendiaten.

Kvinnedominert bransje

Resultata frå denne studien viser at emosjonelt arbeid kan påverke helsa negativt, og viser at psykososiale faktorar i arbeidsmiljøet kan forklare høgare risiko for ein del av sjukefråværet i heimetenesten.

95 prosent av deltakarane i denne studien er kvinner, og det er nyttig med meir kunnskap om viktige årsaker til sjukefråvær i kvinnedominerte yrker.

– Ein kan oppleve ein del fysiske påkjenningar i helse- og omsorgsyrke som aukar risikoen for sjukefråvær, men denne studien understreker at psykososiale faktorar også er noko ein må ta på alvor, seier Knutsen.

Kan bidra til god førebygging

Denne nye kunnskapen om sjukefråvær i heimetenesten gir eit betre grunnlag for å lage tiltak som kan førebygge sjukefråvær, på ein meir treffsikker måte.

– Emosjonelt arbeid vil det alltid vere når ein arbeider med menneske, så det kan ein ikkje førebygge. Men ein kan innføre tiltak for å redusere påkjenningane frå desse krava, og dermed førebygge sjukefråvær. Og her indikerer studien at det kan det vere lurt å rette tiltak mot emosjonelt arbeid, seier Knutsen.

Uavhengig av denne studien, finst det gode metodar for å lage treffsikre tiltak.

Ein god praksis er at leiarar og tilsette i fellesskap kan finne ut korleis ein kan organisere og planlegge arbeidet, slik at emosjonelle krav og emosjonell dissonans kan verke mindre belastande for dei tilsette over tid.

I tillegg viser studien at det vil vere positivt å legge til rette for at tilsette kan påverke sitt eige arbeidstempo, i dei arbeidssituasjonane der det er mogleg.

Les heile publikasjonen her

Få nyhetsbrev
Lukk