På et jorde på Romerike er ein gjeng brannkonstablar samla for å øve på røykdykking i eit gamalt hus. STAMI er også med, for å måle eksponeringane konstablane blir utsette for når dei er inne i varme og røyk.
Det er ikkje berre det å puste inn røyk som er ein risiko for brannkonstablar som sløkker brann. Sjølv om dei har på seg verneklede, blir huda eksponert for varme og ulike kreftframkallande stoff.
Brannkonstablane har på seg verneklede i flammehemmande stoff, som skal verne dei mot flammane, varmen, og røyken med alle dei ulike stoffa den inneheld. Men kor godt vernar desse kleda mot alt dette?
Komplisert kleskode
Vernekleda som brannkonstablar bruker i dag er designa for å dekke fleire behov på same tid. Dei skal vere tette mot vatnet dei bruker i sløkkinga, men samtidig sleppe ut fukt gjennom membran og opningar.
Det er viktig at vernekleda vernar godt mot varmen i ein brann og gjer det mogleg å sløkke brannar inne i hus, samt å redde liv.
– Det er komplisert, fordi ein heilt tett vernedress vil gi den beste beskyttelsen mot kreftframkallande kjemikaliar i brannrøyken. Men tette verneklede vil samtidig bli altfor varme, og derfor beskytte veldig dårleg mot varmen. Det betyr at noko brannrøyk vil sleppe inn under vernekleda når ein sløkker brannar, seier Raymond Olsen, seniorforskar ved STAMI og leiar for ein av arbeidspakkane i prosjektet HERO brann.
Samanliknar verneklede
I prosjektet HERO brann samanliknar STAMI kor effektive dagens og neste generasjons verneklede er. Det gjer dei ved å måle korleis brannkonstablar blir eksponert for kreftframkallande stoff under øvingsbrannar, som denne på Romerike.
I studien blir to typar verneklede med forskjellige membranar testa mot kvarandre, for å samanlikne eksponering for varme, og stoff i røyken.
– Brannkonstablane blir delt opp i par der den eine har på seg dagens verneklede og den andre har på seg neste generasjon verneklede, mens dei sløkker ein brann, seier Olsen.
STAMI-forskarane har utstyrt brannkonstablane med luftmålarar både utanfor og innanfor vernekleda. I tillegg samlar dei prøver som skal vise oss korleis huda blir eksponert for desse stoffa, ulike stader på kroppen.
– Huda vår vernar oss i stor grad mot kjemikaliar, men nokre kreftframkallande stoff kan bli tatt opp i kroppen viss dei kjem i kontakt med hud, seier Olsen.
For å undersøke kor mykje kreftframkallande stoff brannkonstablane tar opp i kroppen under øvingsbrannen, så samlar forskarane inn urinprøver både før og etter brannen.
Godt i gang
Totalt 40 brannkonstablar vil delta i studien, og i mai 2022 er prosjektet halvvegs i datainnsamlinga.
Til no er to av fire planlagte øvingsbrannar i samband med prosjektet gjennomført. Dei siste to øvingsbrannene vil bli gjennomført i løpet av hausten 2022.
HERO brann er et samarbeidsprosjekt mellom STAMI, SINTEF DIGITAL, Kreftregistret og RISE Fire Research. SINTEF er prosjektansvaret for heile HERO brann-prosjektet, mens STAMI har ansvaret for ein av arbeidspakkane i prosjektet.