Emosjonelt arbeid er ein viktig årsak til sjukefråvær i det norske arbeidslivet. Spesielt i helserelaterte yrker er dette ei utfordring.
Denne filmen illustrerer godt nokre av utfordringane ein arbeidstakar kan møte i heimetenesten, og i mange andre bransjar i arbeidslivet.
Match på jobben
Dette er første av tre Match på jobben, der kommentatorar følgjer tre personar gjennom kvar si utfordring på jobben. Vi publiserer dei neste to filmane i løpet av sommaren.
Filmane illustrerer utfordringar i arbeidsmiljøet som mange kan kjenne seg igjen i, og alle kan bruke desse filmane i møter og samlingar, og andre samanhengar.
Match på jobben er produsert av Storm Films for STAMI.
Å arbeide med menneske
8 av 10 i det norske arbeidslivet jobbar i tenesteytande sektor. Her finn vi helse, undervising, varehandel, servering, og fleire andre bransjar.
Og her har mange tett kontakt med menneskene dei utfører tenester for. Og då har pasientar, elevar, kundar, brukarar og gjestar, mykje å seie for arbeidsmiljøet.
For mange er det nettopp det å arbeide med menneske, som er givande og motiverande med jobben. Og samtidig kan kontakten med menneska som mottar tenester vere belastande og vanskeleg.
Sjå webinar om å arbeide med menneske:
Høge emosjonelle krav
19 prosent av sysselsette i Noreg opplever høge emosjonelle krav på jobben. Men i helserelaterte yrke oppgir opp mot halvparten at dei opplever høge emosjonelle krav.
Også tilsette i barnehage, grunnskule, og politi og vakt, opplever høge emosjonelle krav.
Emosjonelle krav handlar om dei kjenslemessige krava som blir stilt til ein arbeidstakar i møte med andre. I mange yrke handlar arbeidskvardagen i stor grad om interaksjon med kundar, klientar, elevar eller pasientar. Og det å handtere eigne og andre sine kjensler er ein viktig del av jobben.
Over tid kan det å handtere emosjonelle krav store delar av arbeidsdagen føre til auka risiko for emosjonell utmatting og sjukefråvær.
Emosjonelt arbeid i heimetenesten
Heimetenesten er éin av bransjane der utfordringar med emosjonelt arbeid er tydeleg. Her er sjukefråværet nesten dobbelt så høgt som i resten av arbeidslivet.
STAMI forskar akkurat no på årsakene til sjukefråvær i heimetenesten, og emosjonelt arbeid er ein viktig årsak til sjukefråvær basert på psykiske plager. Så langt viser forskinga at emosjonell dissonans og emosjonelle krav kan forklare opp til 30 prosent av sjukefråværet med psykiske helseplager som diagnose.
Emosjonell dissonans er det ein opplever når arbeidet krev at ein må uttrykke andre kjensler enn dei ein har sjølv, og undertrykke sine eigentlege kjensler. Emosjonelle krav handlar her om kor vidt ein må forholde seg til sterke kjensler hos brukarar og pårørande.
Desse utfordringane og andre psykososiale faktorar i arbeidsmiljøet vil ein møte på i alle delar av arbeidslivet, men i ulik grad.