Hjem Nyheter Høyr podkast-episoden: Kontorlandskap - k[..]

Høyr podkast-episoden: Kontorlandskap - kva gjer det med oss?

Stein Knardahl, forskingsdirektør ved STAMI, stilte i studio til podkasten "På jobben" for å snakke om ein ny studie som viser at delte kontor og kontorlandskap aukar risikoen for sjukefråvær. Han diskuterer temaet saman med Finn Kåre Aasheim, tidlegare hovudverneombod ved Bufetat.

Trivast vi best i opent kontorlandskap, eller er det cellekontor som sørger for at vi er mest effektive og mindre sjuk? Korleis påverkar kontorplassen sjukefråvær og effektivitet?

Høyr diskusjonen i siste utgåve av podkasten «På jobben». Gjester i studio er forskingsdirektør ved Statens Arbeidsmiljøinstitutt, Stein Knardahl, og tidlegare hovudverneombod ved Bufetat – region øst, Finn Kåre Aasheim. Podkasten blir produsert av Idébanken og handlar om livet på jobb og kva som skal til for å skape ein god arbeidskvardag.

Lytt til episoden

 

Les også: Mer sykefravær blant ansatte i åpne kontorlandskap og delte kontor

 

Sjekk også ut dei andre episodane i postkast-serien der STAMI-forskarar har bidrege med sin arbeidsmiljøekspertise:

 

Få nyhetsbrev
Lukk