I dette webinaret kan du lære meir om kva forskinga seier om arbeidsmiljøet til tilsette innan varehandel. Kva faktorar det er viktig å bli betre på, og korleis kan ein bruke verktøyet «En bra dag på jobb» til å skape eit godt arbeidsmiljø?

Prosjektleiar for «En bra dag på jobb», Elisabeth Goffeng går gjennom kunnskapen om arbeidsmiljøet til alle som jobbar innan varehandel, saman med Monika Moen, HR- og organisasjonsdirektør i Coop Nordland.