HMS-webinar om seksuell trakassering: Dette webinaret er arrangert at Studieforbundet AOF, i samarbeid med LO og STAMI.

Dei nasjonale tala på uønskt seksuell merksemd har auka gradvis dei siste 20 åra. I dag er 4,5 prosent av sysselsette utsett for uønskt seksuell merksemd.

Dette tilsvarer 117.000 personar i arbeidelivet i Noreg.

Seksuell trakassering er i Likestillings- og diskrimineringslova definert som «uønskt seksuell merksemd som har som føremål eller verknad å vere krenkande, skremmande, fiendtleg, nedverdigande, audmjukande eller plagsam».

Utsette bransjar

Det er unge kvinner (mellom 17 og 24 år) som er mest utsett. Heile 17 prosent i denne gruppa oppgir at dei har vore utsett for uønskt seksuell merksemd ein gong i månaden, eller oftare.

– Vanlegvis er det ikkje kollegaar eller leiarar på arbeidsplassen som står bak uønskt seksuell merksemd. I 8 av 10 tilfelle er det kundar, klientar, elevar og andre som ikkje er tilsett på arbeidsplassen, seier Sana Parveen, stipendiat ved STAMI.

Dette samsvarer med dei yrka der det er flest tilfelle av seksuell trakassering, som servitøryrker, sjukepleie, pleie- og omsorg, og politi og vaktyrker. Dette er yrker som i stor grad er retta mot kundar, brukarar og andre grupper utanfor arbeidsplassen.

Nokre av desse utsette bransjane, som sjukehus og sjukeheim, finst det eigne program for i arbeidsmiljøverktøyet En bra dag på jobb.

I 2 av 10 tilfelle er det kollegaar eller leiarar som står bak handlingane, og av desse er det oftare kollegaar, enn personar med leiarposisjonar som står bak.

Kompliserte saker

Saker om seksuell trakassering kan vere vanskelege å løyse på arbeidsplassar.

– Tillitsvalde har ikkje den kunnskapen, og saker er veldig kompliserte. Det resulterer ofte i at saker om seksuell trakassering går år etter år utan løysing, seier Onur Johansen, fagleg sekretær i Fellesforbundet.

Derfor har Fellesforbundet organisert ei eiga ressursgruppe for å gi tillitsvalde, medlemmar og eigne tilsette vekrtøy for å handsame saker om seksuell trakassering.