Hjem Nyheter Arbeidstid og helse

Arbeidstid og helse

Kan arbeidstid og arbeidstidsordningar ha innverknad på helsa? Dette spørsmålet har i seinare tid fått mykje merksemd. Statens arbeidsmiljøinstitutt publiserte nyleg ein oppdatert litteraturstudie om arbeidstid og helse, og du kan her lese meir om temaet.

Stadig fleire arbeidstakarar i Noreg har ei arbeidstid som avvik frå det tradisjonelle åtte-til-fire-skjemaet. Spørsmål om helseskadelege effektar som følgje av arbeidstid og arbeidstidsordningar, har i seinare tid fått større merksemd i norsk arbeidsliv. Også internasjonalt har det vore forska mykje på moglege helse- og tryggleikseffektar av ulike arbeidstidsbelastingar.

Statens Arbeidsmiljøinstitutt har gjennom ulike prosjekt engasjert seg i dette feltet, og publiserte i 2008 rapporten «Arbeidstid og helse, en systematisk litteraturstudie». Ein oppfølgingsstudie og ny rapport vart nyleg ferdigstilt: «Arbeidstid og helse. Oppdatering av en systematisk litteraturstudie.» På same måte som i 2008-rapporten, evaluerer ein her korleis eksponeringa skift-/nattarbeid og lange arbeidstider påverkar utfall av typen helse, tryggleik/ulukker og funksjon. Her er nokre av funna:

Søvn
Søvnforstyrringar er den vanlegaste konsekvensen av endra døgnrytme, og er den enkeltfaktoren som har mest å seie for problema til skiftarbeidarar. Søvnvanskar påverkar dessutan andre utfall, som til dømes funksjon og tryggleik. Dette vert stadfesta i nye studiar. Risikoen for å få innsovingsvanskar og for lite søvn aukar med lange arbeidsøkter og tidleg start på morgonskiftet. Risikoen aukar ytterlegare for dei som ofte jobbar lange arbeidsøkter.

Funksjon
Lange arbeidsøkter og skiftarbeid (særleg med nattarbeid) kan også føre til nedsett funksjon med påfølgjande auka risiko for feilhandlingar. Kompliserte arbeidsoppgåver som krev stor presisjon, bør difor i størst mogleg grad leggast til dagtid og utanom lange arbeidsøkter.

Tryggleik
Det er sterke haldepunkt for at både lang arbeidstid, nattarbeid og roterande skift påverkar tryggleiken og skadar/ulukker i arbeidslivet. Uheldige hendingar kan ramme både arbeidarar og tredjepartar (passasjerar eller pasientar). I dei nye studiane som er publiserte, framhevar ein særleg samanhengen mellom lange arbeidsdagar, underskot på søvn, og auka risiko for arbeidsulukker.

Psykiske plager
Det er klare indikasjonar på at både lange arbeidstider og nattarbeid gjev negative psykisk effektar. Det er soleis påvist ei dobling av risikoen for depressive lidingar og angst ved lange arbeidsdagar eller arbeidsveker, og ein ytterlegare auke i risikoen dersom ein ofte arbeider mange timer per veke. Nyare studiar viser at skift- og nattarbeid i kombinasjon med lite påverknad på eiga arbeidstid ser ut til å gi dårlegare mental helse. Fleire studiar har vist at dei negative verknadene som skiftarbeid har på den mentale helsa, kan reduserast dersom ein har høve til å tilby fleksible løysingar.

Hjarte- og karsjukdomar
STAMI-rapporten frå 2008 dokumenterte at både lange arbeidsøkter og skift- og nattarbeid aukar risikoen for hjarte- og karsjukdom. Nye kohortstudiar stadfestar dette, og viser vidare samanhengar mellom lange arbeidsdagar og auka risiko for diabetes 2 og andre utfall som aukar risikoen for å utvikle og døy av hjarte- og karsjukdom.

Kreft
Brystkreft er den mest studerte kreftforma i samanheng med nattarbeid, og 10 av 14 publiserte studiar viser auka risiko for brystkreft ved nattarbeid. Ein nyare norsk studie og ein dansk studie viste begge auka risiko for brystkreft blant kvinner som i fleire år hadde jobba i skiftordningar med mange netter på rad. Vidare har ein i fleire nye studiar undersøkt samanhengen mellom nattarbeid og andre kreftformer. Resultata frå desse varierer frå auka risiko (kreft i livmorslimhinna, tjukktarm, prostata, lymfekreft) til redusert risiko (hudkreft) blant nattarbeidarar, samanlikna med personar som bare arbeider dag. For å trekkje konklusjonar om årsakssamanhengane for desse kreftformene trengst det fleire studiar. Det finst ingen studiar av samanhengen mellom lange arbeidstider og kreftrisiko.

Fertilitet/reproduksjon
Tidlegare studiar har vist ein mogleg moderat auka risiko for seinabort, for tidleg fødsel og nedsett fruktbarheit ved skiftarbeid (først og fremst nattarbeid). Verken lange arbeidstider eller skiftarbeid ser elles ut til å påverke komplikasjonar under svangerskapet. I nyare forsking har det blitt funne ein mogleg samanheng mellom både lang arbeidstid og skiftarbeid og auka risiko for låg fødselsvekt.

Andre helseutfall
Dei få studiane som finst av muskel- og skjelettplager, viser ein noko høgare risiko for subjektive plager både ved lange arbeidsøkter og ved natt- og skiftarbeid.
Det ser ut til å vere ein samanheng mellom skiftarbeid som inkluderer nattarbeid, og subjektive plager relatert til mage- og tarmsystemet, men det finst her få studiar av god kvalitet. Det er avgrensa haldepunkt for ein samanheng mellom skiftarbeid og magesår.

Alder og kjønn
I dei få studiane som er gjort på skilnader mellom yngre og eldre arbeidstakarar med tanke på konsekvensar av skiftarbeid, har ein sjeldan funne klare skilnader. Definisjonen av eldre arbeidstakarar varierer dessutan frå dei over 40 år til dei over 60 år. Ei årsak kan vere at eldre arbeidstakarar som framleis arbeider skift, er dei som toler det best. Dette vert støtta av resultat frå enkeltstudiar som viser at dei eldste arbeidstakarane har betre psykisk helse og færre skadar enn dei yngre, og studiar som viser lågare gjennomsnittsalder blant skiftarbeidarar enn blant dagarbeidarar. Det finst likevel studiar som konkluderer med at eldre arbeidstakarar taklar nattskift dårlegare, har lågare funksjon, eller må ha betre tilpassing av oppgåvene enn yngre kollegaar.
Det er mangel på studiar av arbeidstid og helse der ein evaluerer kjønnsskilnader.stur

Les rapporten

Få nyhetsbrev
Lukk