Endringar, omstillingar, monotont arbeid og at leiinga er ein annan stad enn tilsette, er vanlege utfordringar i godstransportbransjen.

Desse utfordringane kan føre til at tilsette trivst dårleg, at dei får mindre tillit til arbeidsplassen og at dei får fysiske og psykiske helseplager. Slike plager kjem til uttrykk gjennom hovudverk, nakke- og skuldersmerter og at ein kjenner seg utmatta.

Dette kan føre til at tilsette mistar motivasjonen, presterer dårlegare, blir sjukmelde, eller sluttar i jobben, noko som verken er bra for arbeidstakarane eller arbeidsgivarane.

Rom for å snakke om utfordringar

Verktøyet En bra dag på jobb skal hjelpe verksemder med å styrke arbeidsmlijøet, og førebyggje helseplager og sjukefråvær. Det handlar om at tilsette og leiarar samarbeider om å finne utfordringane og dei gode løysingane for arbeidsmiljøet.

Sjå En bra dag på jobb for godstransport her

En bra dag på jobb legg til rette for eit godt partssamarbeid mellom leiinga og tilsette. Ved å skape eit rom for samtale om utfordringar og moglege løysingar, har arbeidsplassar høvet til å jobbe aktivt med å forbetre sitt eige arbeidsmiljø.

Verktøyet består av korte filmar og plansjar som skal stimulere til nettopp dette.

Fem korte filmar viser dei vanlegaste utfordringane som ifølgje forsking og folk i bransjen har noko å seie for helsa til tilsette. Sidan dei som jobbar innan godstransport kjenner bransjen best, fortel leiarar, tillitsvalde og verneombod korleis arbeidsmiljøutfordringane kjem til uttrykk hos dei og korleis dei handterer desse.

Inkluderande samarbeid

Målet med å bruke verktøyet er at leiinga og tilsette saman skal finne dei utfordringane som er tydelegast på sin eigen arbeidsplass.

Ein viktig del av verktøyet er plansjar som tilsette og leiarar bruker til å skrive på, mens ein arbeider i grupper. I to separate møte skal alle i grupper kartleggje utfordringar og tiltak.

På det første møtet noterer gruppene dei utfordringane som påverkar arbeidsmiljøet deira mest. På eit seinare møte diskuterer gruppene moglege løysingar og tiltak og skriv ned desse. Basert på innspela i møta lagar leiar og tillitsvald, som er ansvarlege for å drive prosessen, ein konkret handlingsplan og sørgjer for å følgje den opp jamleg.

Vinsten av å jobbe med å styrkje arbeidsmiljøet er stor. Det gir auka motivasjon, betre kvalitet på arbeidet og mindre sjukefråvær, noko som er bra for arbeidstakarane, arbeidsgivarane og arbeidsplassen. Alle vinn på å skape eit godt arbeidsmiljø!