Korleis går ein fram?

Forsking viser oss kva som bidrar til godt og dårleg arbeidsmiljø. Verksemder som har eit godt arbeidsmiljø har ein positiv påverknad på dei tilsette sin helse, motivasjon og sjukefråvær. Godt arbeidsmiljø gir også betre produktivitet og resultat i verksemder, og mindre kostnader for samfunnet.

Derfor er det store positive effektar av å skape gode arbeidsmiljø som kan forebygge dei risikofaktorane i arbeidet som kan føre til sjukefråvær og fråfall frå arbeidslivet.

Men korleis skaper ein eit godt arbeidsmiljø? Det er det aldri lett å svare på, for alle verksemder og arbeidsplassar er ulike, og har ulike utfordringar.

Men det er alltid lurt å først få ei oversikt over kva som er utfordringane på din arbeidsplass. Og så kan ein finne ut kva som er gode tiltak for å løyse akkurat desse utfordringane.

To nyttige verktøy

STAMI har to veldig nyttige verktøy som alle kan bruke for å finne dei gode løysingane som skaper betre arbeidsmiljø i akkurat di verksemd.

Desse to verktøya er statistikk og fakta om arbeidsmiljø og En bra dag på jobb.

Statistikk og fakta om arbeidsmiljø

STAMI produserer nasjonal statistikk og fakta om arbeidsmiljø og arbeidshelse for ulike yrke og næringar i Noreg. Dette kan alle bruke for å sjå kva som er dei vanlegaste utfordringane i ei næring eller eit yrke.

Statistikk og fakta frå STAMI handlar om kva sysselsette i ulike yrke og næringar er eksponert for i arbeidet sitt, og kva helseutfall ein finn i dei ulike yrka og næringane. Vi samlar data frå fleire ulike datakilder og oppdatert forsking om dei ulike temaa.

Dette utgjer det nasjonale kunnskapsgrunnlaget som styresmaktene og partane i arbeidslivet bruker i arbeidet deira med arbeidsmiljø og arbeidshelse.

Gå til statistikk og fakta om arbeidsmiljø

En bra dag på jobb

STAMI har utvikla En bra dag på jobb, som eit gratis vektøy som alle verksemder kan bruke til å lage gode tiltak som skaper betre arbeidsmiljø på kvar enkelt arbeidsplass. Det er lagt opp til at representantar frå leiinga og dei tilsette styrer prosessen: Men alle i organisasjonen er med på å definere utfordringar og løysingar.

Verktøyet er tilpassa kvar enkelt bransje i arbeidslivet, og er basert på statistikk og forsking om dei utfordringane som er viktige i kvar enkelt bransje.

Alle får presentert kva som er viktige utfordringar i sin bransje, og skal diskutere kva som er dei største utfordringane i sin verksemd. På bakgrunn av dette skal ein i fellesskap kome fram til gode tiltak som kan skape eit betre arbeidsmiljø.

Gå til En bra dag på jobb

Illustrasjon av to menneskefigurer som sammen holder logoen til En bra dag på jobb

Finne løysingar i fellesskap

Noko av det viktigaste for å lykkast med å skape eit godt arbeidsmiljø, er godt samarbeid mellom leiarane og dei tilsette. Det viser forsking.

Når leiarar, tillitsvalte og verneombod i fellesskap kjem fram til løysingar for korleis ein skal organisere, planlegge og gjennomføre arbeidet, har ein dei beste føresetnadane for at ei endring skal vere vellykka.

Og når ein har kome fram til kva som skal vere tiltaka for eit betre arbeidsmiljø, er det viktig å evaluere desse tiltaka. Kva har funka? Har nokre tiltak bomma litt? Og så kan ein justere tiltak dersom ein treng det.

Det er viktig å gå gjennom dette med jamne mellomrom, for eit godt arbeidsmiljø må ein heile tida halde ved like.

Her kan du lese meir om arbeidsmiljø

STAMI forskar på alle sider ved arbeidsmiljø. Her kan du lese om ulike tema innan arbeidsmiljø.

dekorativt element