Kva er kjemisk og biologisk arbeidsmiljø?

Mange yrkesaktive utfører arbeid som inneber bruk og kontakt med kjemiske eller biologiske stoff. I hovudsak blir ein utsett for kjemiske og biologiske arbeidsmiljøfaktorar gjennom innanding, men også gjennom hudkontakt og oralt inntak.

Ein kan redusere farene forbunde med eksponering for desse stoffa ved for eksempel betre ventilasjon, bruke naudsynt verneutstyr, eller ta andre naudsynte forholdsreglar.

For å sikre at arbeidstakeren har et fullt forsvarlig arbeidsmiljø, er det viktig å kjenne til stoffa sine egenskaper, kunnskapsbaserte risikovurderingar, og riktig vurdering av luftmålinger utført på arbeidsplassen.

Eksponeringar i arbeidet

I arbeidsmiljøet kan ein bli utsett for kjemiske eksponeringar som:

  • ulike kjemiske produkt
  • gass og damp
  • eksos og brannrøyk
  • ulike former for støv og partiklar
  • reingjeringsmiddel, løysemiddel, eller avfettingsmiddel
  • oljar og smøremiddel

Biologiske og organiske faktorar stammar frå plantar, dyr og mikroorganismar, og kan vere:

  • kroppsvæsker og kroppsvev
  • virus og bakteriar
  • pollen, soppsporar, hår og midd
  • endotoksinar, mykotoksinar og glukaner (stoff som blir skilt ut av visse bakteriar og muggsopp, og kan finnast i støv)
  • komponentar fra næringsmiddel

Fakta og forsking

Kven i arbeidslivet er utsette?

10 prosent, om lag 260 000 personer, av dei yrkesaktive i Noreg oppga i 2022 at dei har arbeid der dei er utsette for kjemiske eksponeringar gjennom innanding.

34 prosent, det vil seie 900 000 yrkesaktive, oppga kontakt med slike eksponeringar på huda, og om lag 22 prosent, 580 000 yrkesaktive, rapporterte om dagleg kontakt med biologisk materiale.

Kjemiske arbeidsmiljøfaktorar kan forekome i mange delar av næringslivet, for eksempel i oljerelatert verksemd, oppdrettsnæringa, bygg- og anleggsverksemd, handverksfag og smelteverksindustri, men også innenfor yrke som frisør og reinhaldar.

Eksponering for biologiske faktorar kan forekome for eksempel i helsevesenet, landbruket, trelast og møbelindustri, avfallshadtering, ved produksjon av næringsmiddel og i enkelte tilfelle i kontor- og skulebygg, barnehagar og liknande.

Fakta og statistikk

Les meir om kjemiske og biologiske eksponeringar i ulike yrke og bransjar hos Nasjonal overvaking av arbeidsmiljø (NOA). 

Slik kan det påverke helsa

I arbeidslivet er det primært ved innanding, men også gjennom hudkontakt og oralt inntak, ein kan bli utsett for kjemiske og biologiske arbeidsmiljøfaktorar.

Innanding av kjemiske og biologiske faktorar kan gi luftvegsplager og sjukdomar i luftvegane, som astma, kols, bronkitt og kreft. Enkelte stoff tatt opp i kroppen via luftvegane kan også gi sjukdom i andre organsystem slik som hjerte- og karsjukdomar, sjukdomar i nervesystemet og ulike formar for kreft.

Hudkontakt med kjemikaliar og biologiske faktorar kan gi allergi og hudsjukdommar, og enkelte stoff kan også takast opp i kroppen via huda. Denne eksponeringa kan føre til medisinske tilstandar, der nokon er alvorlege sjukdommar, som også kan omfatte kreftsjukdom med eit potensielt dødeleg utfall.

Kvifor er det viktig å forske på dette?

Samanhengen mellom eksponeringar og helse er dårleg dokumentert for mange kjemiske og biologiske samband. For å få slik kunnskap er det viktig å få oversikt over eksponeringar og nivåa deira i arbeidslivet, og dessutan kva helseeffektar eksponeringa medfører.

Derfor arbeider STAMI med å kartlegge og identifisere kjemiske og biologiske forureiningar i arbeidsmiljøet som kan medføre helserisiko for arbeidstakarar.

Forskinga til STAMI

Sjå alle STAMI sine forskingsprosjekt om kjemisk og biologisk arbeidsmiljø.

Det kan vere vanskeleg å knyte ei eksponering som har skjedd langt tilbake i tid til ein helseskade, eller å finne ut kor mange års eksponering som må til for at ein sjukdom skal utvikle seg. Det er derfor viktig å følgje opp arbeidsmiljø og bransjar over tid. STAMI prioriterer forsking knytt til utvikling av metodikk som inneber å finne tidlege markørar for sjukdomsutvikling. Slik kan ein på eit tidleg tidspunkt fange opp potensielle helsefarar.

Grenseverdiar og regulatorisk toksikologi

For å redusere utvikling av yrkessjukdomar eller andre uheldige effekter hos arbeidarar som blir utsette for farlege kjemikaliar på arbeidsplassen, blir finst det yrkeshygieniske grenseverdiar for fleire forureiningar i arbeidsluft.

Grenseverdiane blir sette av Arbeidstilsynet i dialog med partane i arbeidslivet, ut frå toksikologiske, tekniske og økonomiske vurderingar. Det toksikologiske grunnlaget blir utarbeidd av STAMI etter ein kritisk gjennomgang av nasjonal og internasjonal forsking på samanhengar mellom eksponering og helseeffekt.

Dei fleste forskingsprosjekt knytt til kjemiske og toksikologiske problemstillingar ved STAMI, har høg relevans for arbeidet med å setje grenseverdiar.

To oljearbeidere i ferd med å sette på plass rør i oljebor.

Utleige av prøvetakingsutstyr

STAMI leiger ut prøvetakingsutstyr og utfører laboratorieanalysar. Målingane omfattar ofte innsamling av luftprøver frå pustesona til arbeidstakarar i arbeidslokala over ein heil arbeidsdag, med ein etterfølgjande laboratorieanalyse, som gjer det mogleg å berekne eksponeringsnivået til arbeidstakarane.

Les meir om laboratorietenestene våre

Person i hvitt verneutstyr spraybehandler undersiden av en bil-

EXPO – Registreringsløysing for målingar

Nasjonalt elektronisk eksponeringsregister for kjemiske eksponeringsmålingar (EXPO) er ein nasjonal database som blir drifta av STAMI. Her kan verksemder registrere og lagre luftprøvene sine. Ein av fordelane med å lagre målingane på éin stad er at ein kan samanlikne målingar over tid, og sjå om tiltak har gitt resultat, og oversikta blir god..

Les meir om registreringsløysinga EXPO online

Kontakt fagansvarlege