Hjem Nyheter STAMI forskar på nye metodar for å risiko[...]

STAMI forskar på nye metodar for å risikovurdere kjemiske stoff

I to nye artiklar bidreg STAMI med ny kunnskap om korleis soppgifter påverker helsa.

Artiklane er kunnskapsbidrag til PARC (The Partnership for the Assesment of Risk from Chemicals) – eit stort europeisk program som skal utvikle og innføre nye verktøy og metodar for risikovurdering av kjemikaliar.

Dette blir også kalla Next Generation Risk Assessment eller NGRA. Målet er å verne menneske si helse, og miljøet. I tillegg er målet å redusere og erstatte dyreforsøk.  

STAMI i PARCen 

I ein av arbeidspakkane i PARC-programmet jobbar forskarar med å skape ny kunnskap og utvikle nye metodar som skal liggje til grunn for NGRA, dei nye formene for risikovurdering.

For å få til dette utviklar forskarar såkalla New Approach Methodologies (NAMS). Eitt døme på dette er cellekulturbaserte metodar som skal gi nødvendig kunnskap om kjemikaliar sine toksiske – eller giftige – eigenskapar, som ein skal bruke i risikovurdering.  

I slike metodar tek ein celler frå levande vev som blir dyrka under kontrollerte forhold i laboratoriet. Dette gir forskarane eit høve til å teste effekten av giftige substansar i menneske- og dyrevev. 

Nyleg har ei prosjektgruppe på STAMI bidrege med kunnskapen sin om arbeidsrelatert eksponering og helse, i publiseringa av to nye oversiktsartiklar i regi av PARC.

For STAMI har det vore viktig å framheve ulike eksponeringar i arbeidsmiljøet og arbeidstakarar si helse, gjennom å delta i fleire prosjekt i PARC.

Dei to nye artiklane om soppgifter er knytta til prosjektet PARC P5.1.1.a: Natural toxins. Dette prosjektet skal tette kunnskapshol og etablere humane cellekulturbaserte testar for toksisitet av naturlige soppgifter.

Dette er viktige steg i for å utvikle nye metodar for risikovurdering av kjemiske stoff.

Gamle og nye metodar for risikoanalyse

  • Tradisjonell risikovurdering av kjemiske stoff er tidkrevjande og kostbart, med eit høgt forbruk av forsøksdyr. Resultata er ikkje alltid overførbare til menneske.
  • (NAMS) New Approach Methodologies er alle metodar, i laboratoriet eller på datamaskin, som åleine eller i kombinasjon med andre metodar betrar den noverande kjemiske risikovurderinga. Vil på sikt bidra til å redusere eller erstatte dyreforsøk.
  • (NGRA) next generation risk assessment er eksponerings- og hypotesedrivne risikovurderingar som inkluderer ein eller fleire NAMS

Studerer soppgifter 

Den eine artikkelen handlar om kunnskapen vi har i dag og dei kunnskapshola som vi må tette om dei naturlege giftstoffa (toksin) frå Alternaria-soppane. Alternaria er ein hardfør muggsoppfamilie som veks på mange ulike råmateriale og matavlingar.

Funna i artikkelen vil bidra til å betre det eksisterande kunnskapsgrunnlaget på soppgifter frå soppen. 

– I artikkelen bidreg STAMI med kunnskapen sin om arbeidsrelatert eksponering til naturlege toksin, og moglege effektar på arbeidstakarar sin helse, fortel Anne Straumfors, forskar på STAMI og bidragsytar i studien.

Nye metodar for risikovurdering 

Vidare har STAMI medverka til ein annan artikkel som handlar om dei nye metodane (NAMS) som blir utvikla i PARC for å kartleggje immunomodulerande eigenskapar av kjemikaliar generelt.

– Immunomodulerende eigenskapar er evna eit stoff har til å påverke immunsystemet negativt eller positivt, forklarer Solveig Krapf. Ho er postdoktor på STAMI og jobbar med oppgåver knytt til PARC.

Funna i denne artikkelen vil gjere oss i stand til å betre forstå grunnlaget for risikovurdering og utforming av grenseverdiar for eksponering.  

STAMI skal teste fleire nye metodar spesifikt for å auke kunnskapen om kva konsekvensar det kan ha å bli eksponert for naturlege toksin i arbeidet.

Her kan du lese meir om PARC (The Partnership for the Assesment of Risk from Chemicals)

Les vitenskapelige artikler

Få nyhetsbrev
Lukk