Dei siste åra har forskarar vist aukande interesse for forventa arbeidslivstid. Forskarar på STAMI undersøker også dette, og har nyleg gjennomført ein studie om dette temaet.
Fenomenet blir omtala i fagmiljøet som Working Life Expectency (WLE), og er ein metode for å rekne ut kor lenge ein person er forventa å delta i arbeidslivet etter ein gitt alder.
− Vi ønskte å gjere ein gjennomgang av forskingslitteraturen for å samanfatte kva studiane finn om skilnader i forventa arbeidsdeltaking mellom ulike sosioøkonomiske grupper. Gjennomgangen skulle også avdekke eventuelle behov for framtidig forsking, fortel Karina Undem.
Ho er forskar på STAMI og har bidrege i ein ny studie om temaet arbeidsdeltaking.
Undersøkte alle studiar
Working Life Expectency-metoden kan ta høgd for mellombelse fråfall frå arbeid, som sjukefråvær og arbeidsløyse, og permanente fråfall som uføretrygd og alderspensjon.
Med metoden kan ein også rekne ut kor mange forventa arbeidsår som «går tapt» som følgje av desse ulike arbeidsfråfalla.
− Vi gjorde eit litteratursøk med alle studiar som hadde rekna forventa tid i arbeidslivet og undersøkt skilnader knytt til dei sosioøkonomiske faktorane utdanning, inntekt eller yrkesgruppe, forklarer Undem.
Totalt fann forskarane 26 studiar som hadde undersøkt sosioøkonomiske skilnader i forventa arbeidsdeltaking. Ingen studiar hadde sett på forskjellar mellom ulike inntektsgrupper. Det var flest studiar som handla om utdanning, og nokre få som undersøkte forskjellar mellom yrkesgrupper.
− Omtrent alle studiane fann sosioøkonomiske skilnader i forventa tid i arbeidslivet, fortel Undem.
Store skilnader mellom ulike grupper
I snitt var forventa arbeidsdeltaking for menn med låg utdanning 30 prosent kortare enn for dei med høg utdanning. For kvinner var den 27 prosent kortare.
Yrkesgruppene med kortast forventa arbeidsdeltaking fanst innan manuelle yrke. Her hadde 21 prosent (menn) og 27 prosent (kvinner) kortare forventa arbeidsdeltaking enn dei med lengst forventa arbeidsdeltaking.
Resultata viser store forskjellar i arbeidsdeltaking mellom ulike grupper. Ifølgje Undem tyder dette på at ulike grupper treng ulike tiltak for å redusere mellombels fråvær frå jobb og for å få folk til å jobbe lenger. Tiltak som er like for alle viser seg å ikkje vere like effektive.
− For å kunne innføre effektive tiltak, er det viktig å vite kvar forbetringspotensialet er størst og kva grupper som har lågare arbeidsdeltaking. Og så er det viktig å vite årsakene til dette, seier Undem.