Norske yrkesaktive er generelt motiverte og trivst på jobb. 9 av 10 seier at dei er fornøgde eller svært fornøgde i arbeidet sitt.
Samtidig viser ei kunnskapsoppsummering gjort i Sverige at skeive, eller LHBT-personar, kan vere meir utsette for faktorar i arbeidsmiljøet som har negativ påverknad på trivsel og helse.
LHBT-personar (lesbiske, homofile, bifile, transpersonar, i tillegg til fleire kjønnsidentitetar og seksuelle orienteringar) opplever fordomsfull åtferd, diskriminering og trakassering på arbeidsplassen.
Slike opplevingar på jobb er forbunde med lågare trivsel og engasjement i jobben, auka risiko for å utvikle symptom på angst og depresjon, søvnproblem og høgare risiko for lengre sjukefråvær.
– Denne kunnskapen er det viktig at leiarar i arbeidslivet er merksame på, for å kunne legge til rette for trivsel og å førebygge sjukefråvær blant tilsette i desse gruppene, seier Hanvold.
Møter fleire fordommar
Det finst i dag lite nasjonale fakta og kunnskap om arbeidsmiljøet til LHBT-personar i Noreg, sjølv om det blir forska stadig meir på det mangfaldige arbeidslivet.
Ein systematisk kunnskapsoppsummering gjennomført av Myndigheten för arbetsmiljökunskap i Sverige i 2022 gir også verdifull innsikt.
I denne kunnskapsoppsummeringa, som er basert på 300 vitskapeleg publiserte artiklar frå heile verda, har forskarane sett nærare på kva positive og negative faktorar LHBT-personar møter i det organisatoriske og psykososiale arbeidsmiljøet.
Omgrepet organisatorisk arbeidsmiljø er vidt, og karakteriserer dei strukturelle og formelle vilkåra på ein arbeidsplass.
Det omfattar mellom anna arbeidstidsordningar, tryggingsrutinar, organisasjonsstruktur, leiing, utforming av arbeidsplassen og formelle vegar for kommunikasjon.
Dette er vilkår som har stor innverknad på helse, motivasjon, arbeidsevne og jobbtrivsel.
Psykologiske arbeidsfaktorar handlar om opplevinga av arbeidssituasjonen og arbeidsinnhaldet.
Sosiale arbeidsfaktorar handlar om det mellommenneskelege samspelet på jobb.
Samlenemninga psykososialt arbeidsmiljø blir brukt om desse to aspekta ved arbeidet.
Samla sett viser forskinga at LHBT-personar ikkje nødvendigvis opplever arbeidsmiljøet sitt som dårlegare enn yrkesbefolkninga generelt. Likevel er det mange som, parallelt med positive arbeidsmiljøfaktorar, opplever fordomsfull åtferd, diskriminering og trakassering.
Risikoen for å bli utsett for diskriminering og trakassering hang ofte saman med kva biologisk kjønn, yrkesposisjon, alder og etnisitet ein person hadde.
Sidan denne kunnskapsoppsummeringa inneheld studiar frå ein rekkje land, som i stor grad skil seg frå kvarandre når det gjeld lovar og reglar på arbeidslivsområdet, gjev den oss ikkje noko fullstendig bilete av situasjonen for LHBT-befolkninga i Noreg. Likevel peiker den på nokre tendensar som det kan vere viktig å merke seg.
– I Noreg og i verda elles finst det lite forsking på kjønns- og seksualitetsmangfald i samanheng med arbeidsmiljø. Men vi har god oversikt over risikofaktorar og vernande faktorar knytt til trakassering på arbeidsplassen, seier STAMI-direktøren.
Passive leiarar gjer trakassering mogleg
Eit tydeleg funn i kunnskapsoppsummeringa er at mangel på synleg støtte eller passivitet frå leiarar gjer spelerommet for diskriminering og trakassering større. Diskriminering og trakassering har samanheng med lågare grad av trivsel og høgare grad av stress, psykisk uhelse og dårlegare arbeidskapasitet.
Kunnskapsoppsummeringa peiker samstundes på ulike formar for organisatorisk støtte som viktige, beskyttande faktorar i arbeidsmiljøet til LHBT-personar. Dette inkluderer mellom anna policyer og aktivitetar for å motverke diskriminering.
Det har også betydning at leiarar og kollegaer viser støtte i praksis, for eksempel ved å seie i frå når andre kjem med krenkande utsegn, stiller ufine spørsmål eller bevisst brukar feil pronomen om LHBT -personar på arbeidsplassen.
– Vi veit frå forskinga at faktorar som rettferdig leiing, god leiarstøtte og autonomi er viktige både for jobbengasjement og arbeidshelse. I Noreg har høg grad av tillit og autonomi i arbeidslivet bidratt til høg verdiskaping, høg kompetanse og god kvalitet på velferdstenestene. Dette er verdiar vi må ta vare på også i framtida, avsluttar Therese Hanvold.
Den svenske kunnskapsoppsummeringa har først og fremst vore av kartleggande art, med breie forskingsspørsmål. Fokuset har vore å samanstelle kjenneteikn på, og risiko- og «friskfaktorar» i, det psykososiale og organisatoriske arbeidsmiljøet til LHBT -personar.
Det blei gjort søk 2021 i 15 ulike databasar etter relevante artiklar publiserte mellom 2010 og 2021 innan felta helsevitskap, arbeidsmiljøforsking, samfunnsvitskap og kjønnsforsking. Både kvantitative og kvalitative studiar blei inkluderte, så sant dei tilfredsstilte inklusjonskriteria, som var utforma innanfor eit PiCo-rammeverk.
Ein stor del av studiane (167) er heilt og halde gjennomførte i USA. I 11 av studiane er USA eitt av fleire land der studiedeltakarane kjem ifrå. Høvesvis 53 og 7 av studiane er heilt eller delvis gjennomførte i Storbritannia, og 12 er gjort i Sverige. Resten av studiane har i hovudsak blitt gjennomførte i EU-land, Australia eller Canada.
Dei aller fleste av dei inkluderte studiane er tverrsnittstudiar. Berre 14 har eit longitudinelt studiedesign. Talet på deltakarar varierer sterkt mellom dei ulike studiane. Studiar med transpersonar har som regel det minste talet på deltakarar.
Spørsmåla forskarane har sett på, er mellom anna:
- Kva er dei viktigaste risikofaktorane i det psykososiale og organisatoriske arbeidsmiljøet til LHBT-personar?
- Kva er dei viktigaste beskyttande faktorane («friskfaktorane»)?
- Kva for skilnadar finst mellom arbeidsmiljøsituasjonene til dei som reknar seg som høvesvis homofile, bifile, transpersonar og queers? Finst det berøringspunkt mellom desse situasjonane?
- Kva kjenneteiknar ein inkluderande arbeidsplass, det vil seie eit arbeidsmiljø som LHBT-personar sjølve opplever som godt?
Les heile rapporten her: Hbtq-personers sociala och organisatoriska arbetsmiljö – Myndigheten för arbetsmiljökunskap