Prosjektleder

Prosjektdeltakere

I Norge blir mange tusen arbeidarar (til dømes anleggs-, transportbransje- og bergindustriarbeidarar) eksponert for dieseleksos.

Studiar har vist at det finst negative helseeffektar knytt til dieseleksoseksponering. Eksperimentelle studiar har vist inflammasjon og endringar i tråd med auka risiko for å få hjarte- og karsjukdom, men dette har vore lite studert hjå anleggsarbeidarar og andre dieseleksoseksponerte grupper.

Grupper av tilsette i Norge som kan bli eksponert for dieseleksos i tunnelar er sannsynlegvis høgare eksponert enn andre grupper. Det er fleire grunnar til dette, til dømes dieseldrevne aggregat til bruk for å gi elektrisitet under arbeid eller kolonnekøyring under arbeidet. Når vifter er slått av under arbeid er det mindre luftgjennomstrøyming som fører til ein opp-konsentrasjon av ureininga i arbeidslufta.

Studien

Hovudmålet med denne studien er å undersøke elektrikarar som jobbar i tunnel, og hypotesen om at dieseleksospartiklar kan gi blodpropp og/eller inflammasjon i lunger. Studien er delt i to delar.

Den første delen er ein kartlegging av eksponering i luft til elektrikarane som jobbar i tunnel, med personbårne prøver. Vi undersøker dei vanlege markørane for diesel partikulært materialet og gass, høvesvis elementært karbon og nitrogendioksid. I tillegg skal vi bestemme støvkonsentrasjonen. Vi undersøker den yrkesmessige eksponeringa av respirabel alfa-kvarts, fordi alfa-kvarts er knytt til negative helseeffektar og kan skje ved til dømes boring, kolonnekøyring eller riving av komponentar i tunnelveggen.

Den andre delen av prosjektet er ei helseundersøking der fokuset er å undersøke om inflammasjon vil aktivere blodplater og endotelceller, og samtidig auke den naturlege simulanten av blodkoagulering. Rutinert helsesjukepleiar tar blodprøver, og rutinert arbeidsmedisinar gjennomfører spirometri og intervju om helse, arbeidsmiljø og røykevanar.

Praktisk verdi av prosjektet

Prosjektet skal undersøke om det er målbare, negative helseeffektar ved å jobbe i tunnel der det er venteleg høg eksponering av dieseleksos. Studien vil kunne avdekke i kva grad denne bransjen kan overhalde ein ny, komande grenseverdi.

Helseeffektar kan avdekke om det trengs nye eller endra rutiner for reduksjon av eksponering for dieseleksos eller bruk av adekvat andedragsvern for arbeidstakarane.

Undersøkinga vil også kunne avdekke om eksponeringa skuldast deponert støv som blir virvla opp, eller om det er fersk dieseleksos som dei tilsette blir eksponerte for. Slik informasjon er viktig for å kunne sette i verk dei riktige arbeidsrutinane.

Arbeidstilsynet har føreslått ein grenseverdi på elementært karbon på 50 µg/m3 som skal gjelde frå februar 2023 (frå februar 2026 for gruve- og bergverksdrift og tunnelarbeid).

Dersom studien avdekker helseendringar ved lavare eksponeringsnivå, vil det vere ein indikasjon på at den føreslåtte normen kan vere for høg og derfor bør vere lavare.

Vitskapeleg verdi

Prosjektet vil minske gapet mellom eksponeringsstudiar (der objekta blir utsett for svært høge konsentrasjonar i høve til reell arbeidsluft i Norge), og arbeidssituasjonen i Norge i dag for denne bestemte arbeidsgruppa (elektrikarar i tunnel).

Samarbeid:
Prosjektet har eksterne samarbeidspartnarar frå Mesta AS.

Økonomiske bidragsytarar:
Byggenæringens Landsforening – IA-programmet bygg og anlegg, og Mesta AS.