Prosjektleder

Prosjektdeltaker

Gjennom eit felles initiativ vil polske og norske forskarar undersøkje og teste ut mekanistiske hypotesar og adressere problemstillingar som kan vere relevante for brystkreftutvikling hos kvinner som arbeider nattskift. Det primære forskingsfokuset vil vere å undersøkje samanhengen mellom nattskiftarbeid og brystkreftrisiko, samt undersøkje epigenetiske endringar kytt til nattskiftarbeid.

Ein viktig epigenetisk mekanisme er endring i nivået av 5-metylcytosin i promoterområda til gen. Endringar i metyleringsnivået kan ha påverknad på uttrykket til genet og ein kan ofte finne slike endringar i kreftceller. Eit av fokusa til dette prosjektet vil vere å analysere metyleringsstatus i promoterområda til døgnrytmegen, gen for østrogen- og progesteronreseptorar, cellesyklus- og krefthemmande gen og gen for melatoninreseptorar.

 

Data og biologiske prøver frå to epidemiologiske studier vil verte nytta. Den første er ein kasus-kontrollstudie av sjukepleiarar i Noreg medan den andre er ein tverrsnittstudie av sjukepleiarar og jordmødrer i Polen. I den norske studien vil metyleringsnivået i DNA frå brystkreftpasientar verte samanlikna med DNA frå friske kontrollar. Her vil assosiasjonar mellom livsstilsfaktorar (kosthold, alkoholforbruk, røyking, fysisk aktivitet og søvnmangel) og metyleringsnivået til krefthemmande gen verte undersøkt. I begge studiane vil effekten nattskiftarbeid har på epigenetiske endringar verte analysert. Ettersom det er mogeleg å førebygge nokre epigenetiske hendingar, kan resultata frå desse studiane føre til nye strategiar for kreftførebygging.

Målsetjing
I 2004 vart det, med bakgrunn i opplysingar frå Helsetilsynet sitt register over sjukepleiarar, etablert ein kohort av 49402 kvinnelege sjukepleiarar som vart uteksaminert mellom 1914 og 1985. Ein intervjubasert kasus-kontrollstudie av 1182 kvinner vart starta innafor denne kohorten (for detaljer sjå Lie et al. 2011). Kvinner, i alderen 35-74 år, som vart diagnostisert med histologisk stadfesta brystkreft mellom 1990 og 2007 og var i live innan februar 2009 vart inkludert i studien. Alle kvinnene hadde arbeidd som sjukepleiar i minst eitt år og gav samtykke til å verte intervjua. Friske sjukepleiarar vart rekruttert som kontrollar. Spyttprøver vart samla inn frå totalt 563 forsøkspersonar og 619 friske kontrollar og DNA vart isolert frå desse prøvene.

Dei spesifikke måla for prosjektet er:

  • Å undersøkje om nattarbeid har ein epigenetisk effekt på metyleringsmønsteret til utvalde døgnrytmegen og cellesyklusregulerande gen.
  • Å undersøkje om det finst skilnadar mellom brystkreftpasientar og friske kontrollar når det gjeld metyleringsmønsteret til utvalde cirkadiske gen og gen for melatoninreseptorar, og gen for kjønnshormonreseptorar.

SAMARBEIDSPARTNERE UTENFOR STAMI:

Dr. Kristina Kjærheim, Kreftregisteret, Norge

Dr. Beata Peplonska, Nofer Institute of Occupational Medicine, Lodz, Poland

Personopplysninger i forskning