Nasjonale tal om arbeidsmiljø og arbeidshelse viser at éin tredel av det legemeldte sjukefråværet er heilt eller delvis forårsaka av forhold i arbeidet.
Det betyr at dersom ein skaper eit godt og sunt arbeidsmiljø, kan ein redusere ein betydeleg del av sjukefråværet.
Men korleis veit vi dette? Og korleis kan vi bruke denne kunnskapen til å redusere sjukefråværet?
I denne episoden av Arbeidsmiljørådet snakkar vi med STAMI-direktør Therese Hanvold og gruppeleiar Håkon Johannessen, om desse spørsmåla:
Høyr fleire episodar av Arbeidsmiljørådet herPsykiske plager aukar mest
I følgje Faktabok om arbeidsmiljø og -helse 2024, er muskel- og skjelettplager og psykiske plager årsak til over halvparten av sjukefråværet. I alle yrker og bransjar er det risiko for at ein kan få slike plager frå arbeidet.
Éin av dei årsakene til sjukefråvær som har auka mest dei siste åra er psykiske plager.
Og det er i bransjane helse- og omsorg, og undervising, at det er størst risiko for å få psykiske plager i samband med arbeidet. I desse bransjane er emosjonelle belastningar viktige faktorar i arbeidsmiljøet.
Dei vanlegaste faktorane som har samanheng med psykiske plager er høge emosjonelle krav, rollekonflikter, lav jobbkontroll, jobbusikkerheit, og liten grad av støtte frå leiar.
Fleire av desse faktorane er ein naturleg del av arbeidet i desse bransjane, og ein kan ikkje fjerne desse. Men ein kan organisere, planlegge og gjennomføre arbeidet på måtar som gjer at konsekvensane av slike påkjenningar kan vere lettare å handtere.
Alle kan styrke arbeidsmiljøet
Og det finst fleire moglege måtar å gjere dette på. Det snakkar Hanvold og Johannessen om i denne podkastepisoden.
Ein nyttig plass å byrje er å bruke arbeidsmiljøverktøyet En bra dag på jobb. Dette verktøyet har STAMI laga for 27 bransjar i arbeidslivet, og vi jobbar framleis med å lage verktøy for mange fleire bransjar.
Alle kan bruke En bra dag på jobb, som hjelper verksemder med å i fellesskap finne utfordringane i arbeidsmiljøet, og i fellesskap finne løysingar på desse utfordringane.
Sjekk ut En bra dag på jobb her