
Bygg og anlegg er blant næringane i det norske arbeidslivet som er mest utsett for arbeidsskadedødsfall og arbeidsskadar. Her er det høgare førekomst av ulykker enn i arbeidslivet samla sett.
STAMI og Arbeidstilsynet har kvart år i ti år gitt ut ein rapport som gir eit overblikk over arbeidsskadar og arbeidsskadedødsfall i næringane bygg og anlegg.
Den siste rapporten i denne serien omtaler arbeidsskadedødsfall i næringa i 2023, og korleis utviklinga har vore over tid.
Les heile rapporten her
Helseproblemer og ulykker i bygg og anlegg – rapport 2024: Samarbeid for sikkerhet i bygg og anlegg
Les rapporten her
Tal på dødsfall er stabilt
I 2023 omkom 6 personar som var tilsette i hovudnæringa byggje- og anleggsverksemd.
Av dei seks dødsulykkene var tre av dei fallulykker frå stige, tak og usikra utsparing. Éi velteulykke i samband med lossing av last, éi sprengingsulykke, og éi trafikkulykke.
Talet på omkomne er på same nivå som i 2015 og er det nest lågaste talet som er registrert for næringa i den siste tiårsperioden. Det lågaste talet vart registrert i 2018, med 4 arbeidsskadedødsfall, og det høgaste talet i 2014, med 11 arbeidsskadedødsfall.
I gjennomsnitt har 7,6 arbeidstakarar i næringa omkomme per år i tiårsperioden 2014 til 2023.
Den årlege rapporten om ulykker i bygg og anlegg har alltid innehalde statistikk over arbeidsskadar frå Statistisk sentralbyrå (SSB). Det er ikkje med i denne rapporten, då publisering av arbeidsskadar for 2023 er forseinka.
Vanlege utfordringar i arbeidsmiljøet
Samanlikna med gjennomsnittet for alle næringar i det norske arbeidslivet rapporterer byggje- og anleggsarbeidarar om høgare førekomst av:
- armvibrasjonar
- sterk støy
- innanding av ulike typar støv, røyk og kjemikaliar
- hudkontakt med oljer og avfeittingsmidlar
- arbeid med hender over skulderhøgd
- tungt fysisk arbeid
I tillegg er det også ein høgare del enn gjennomsnittet som vurderer risikoen for å bli utsett for ei arbeidsulykke som middels eller stor.
→ Her finn du enkel oversikt over utfordringar i byggjebransjen
→ Her finn du enkel oversikt over utfordringar i anleggsbransjen
Vanlege helseplager
Denne lista med utfordringar gir større risiko for ei rekkje helseplager.
Sysselsette innanfor byggje- og anleggsverksemd rapporterer høgare førekomst av helseplager, samanlikna med gjennomsnittet for alle sysselsette.
Desse helseplagene er ryggsmerter og armsmerter, luftvegsplager, nedsett høyrsel, og arbeidsskadar med fråvær.
Derfor er det avgjerande å vidareutvikle arbeidet med å førebyggje ulykker og skader.
Tala viser også at ein anna helseplage har blitt meir viktig. Førekomsten av arbeidsrelaterte psykiske plager har stige dei siste åra.
– Det er ikkje sikkert at dette skuldast arbeidsmiljøet, då psykiske plager samtidig aukar i resten av samfunnet. Men eit godt psykososialt arbeidsmiljø kan førebyggje arbeidsrelaterte psykiske plager, seier Hans Magne Gravseth, overlege ved STAMI og ein av forfattarane av rapporten.
Risikobiletet endrar seg heile tida
Etter ti år med oversikt over skadar og dødsfall, har STAMI i denne rapporten bidrege med eit eige kapittel om førebygging.
Førebygging av ulykker handlar overordna om å utforme, planleggje, og organisere arbeidsplassen og arbeidsprosessen, og planleggje arbeidet slik at sikkert arbeid blir mogleg, og ønska av den enkelte.
Primærførebygging av ulykker kan vi definere som å unngå, eller redusere sjansane for, at ulykker finn stad. Dette skil seg frå sekundærforebygging, som i større grad rettar seg mot å avgrense konsekvensane av ulykker når dei skjer.
– Éin ting som er spesielt med bygg og anlegg er at arbeidsplassen, produksjonen og personellet ofte endrar seg. Då vil risikobiletet endre seg etter kvart som prosjektet går framover, seier Lars Ole Goffeng, som er forskar ved STAMI og medforfattar av rapporten.
I bygg og anlegg er også arbeidsstyrken i kontinuerleg endring gjennom eit prosjekt. Fleire ulike faggrupper og yrkesgrupper er innom på ulike stadium, med ulike risikoforhold.
Openheitskultur er avgjerande
I ein slik skiftande situasjon er det utfordrande å etablere, halde ved like og utvikle ein tryggingskultur med ulykkesførebyggjande tiltak.
Dette er annleis for andre næringar, til dømes i typane industri der arbeidd som regel er meir stabilt med fast produksjon. Der viser det seg effektivt å tilpasse produksjonsmiddel og produksjon.
Å utvikle ein informasjons- og openheitskultur er spesielt avgjerande for tryggleik i bransjane bygg og anlegg, der både arbeidsplassen og tilsette er i kontinuerleg utvikling og forandring.
– Derfor bør ein vere varsam med å ta i bruk påskjønningssystem for sikkert arbeid, eller sanksjonar ved avvik eller ulykker, spesielt der konsekvensar blir utløyste i tilknyting til sjølvrapportering av ulykker og uønskte handlingar. Alternativt kan det å legge vekt på opplæring og rettleiing av unge og nye på arbeidsplassen ha noko å seie for å lykkast med å redusere skadeførekomsten, seier Goffeng.