Sementproduksjon kan utsetje arbeidstakarane for store mengder støv, som kan innehalde ei rekkje kjemikaliar og mineral. Desse kan vere skadelige for helsa til dei som arbeider med sement.
Tidlegare studiar har vist at høge eksponeringsnivå av sementstøv bidreg til dårlegare lungefunksjon blant dei som arbeider med å produsere sement. Tidlegare studiar har óg vist at støvnivåa varierer mykje frå fabrikk til fabrikk.
Hypotesen er at det er klinker, som er hovudkomponenten i sement, som har størst effekt på lungekapasiteten. Difor har forskarane forsøkt med ulike metodar å rekne ut kor mykje klinker det er i støvet.
Overvaka pustesona
I ei ny studie har STAMI-forskarar funne ut meir om kva kjemiske sambindingar som finst i støvet som sementarbeidarar vert utsette for på jobben.
For å måle eksponeringa for klinker, har forskarar utstyrt arbeidstakarar i 22 europeiske sementfabrikkar med luftmålarar, i pustesona på kroppen. Desse målarane registrerte konsentrasjonen av torakalt sementstøv. Det er støv som er så finkorna at det kan nå heilt ned i lungene når ein pustar det inn.
Forskarane har analysert støvprøver og materialprøver frå denne studien kjemisk, for å bestemme dei viktigaste grunnstoffa. Analysane danna grunnlaget for å kunne estimere kor mykje klinker det er i støvet.
Kompleks samansetning
Forskarane har brukt ein spesiell dataanalysemetode til å rekne ut delane av sambindingar i støvet basert på grunnstoffa kalsium, silisium, aluminium og jern som vart analyserte i støvprøvene.
− Resultata viser ein kompleks samansetning av støvet. Det inneheld mineral som kalkstein, kvarts og leire. I gjennomsnitt stammar cirka halvparten av støvet frå klinker, men andelen varierte sterkt mellom prøvane, fortel STAMI-forskar Stephan Weinbruch, som er førsteforfattar av studien.
Han legg til at funna viser kor viktig det er å gjere tiltak for å redusere eksponeringa for slikt støv på arbeidsplassar knytte til sementproduksjon. Denne nye studien kan bidra til å gje best mogleg retningslinjer og praksis i denne sektoren.
Eksponering er knytt til arbeidsoppgåver
I ein annan ny studie om sementstøv og klinker, har STAMI-forskarane konsentrert seg om ulike arbeidsoppgåver på sementfabrikkar. Her har dei målt nivåa av klinkereksponering blant arbeidarar som utførte desse oppgåvene.
Forskarane undersøkte ulike arbeidsoppgåver som involverte direkte handtering av klinker, for eksempel lasting og lossing av materiale, samt oppgåver som ikkje involverte direkte kontakt, for eksempel administrative oppgåver.
− Resultata av studien viser at visse jobbfunksjonar, spesielt dei som involverte direkte handtering av klinker, hadde betydeleg høgare eksponering samanlikna med andre oppgåver. Dette tyder på at arbeidsoppgåvene spelar ei viktig rolle i å bestemme nivåa av klinkereksponering blant arbeidstakarar i sementproduksjonsmiljø, seier Weinbruch.
Dei nye studiane har brukt data frå ei stor undersøking blant sementarbeidarar i Europa, der forskarane tidlegare har funne tydelege samanhengar mellom mengda støv dei tilsette vert utsette for og redusert lungefunksjon.
Undersøkinga har dekka eksponering for sementstøv og lungefunksjon hos arbeidarar frå 22 sementfabrikkar i sju europeiske land i tillegg til Tyrkia. Undersøkinga vart utført i regi av STAMI.
I 2019 avla STAMI-forskar Hilde Notø doktorgrad om støveksponering blant tilsette i europeisk sementindustri.
Her er ein oversikt over tidlegare artiklar som STAMI har publisert om støv i sementproduksjon:
- Exposure to thoracic aerosol in a prospective lung function study of cement production workers
- Relationships between Personal Measurements of ‘Total’ Dust, Respirable, Thoracic, and Inhalable Aerosol Fractions in the Cement Production Industry
- Job tasks as determinants of thoracic aerosol exposure in the cement production industry
- A cross-shift study of lung function, exhaled nitric oxide and inflammatory markers in blood in Norwegian cement production workers
- Exposure to thoracic dust, airway symptoms, and lung function in cement production workers
- Thoracic dust exposure is associated with lung function decline in cement production workers.
- Content of clinker and other materials in personal thoracic aerosol samples from cement plants estimated by scanning electron microscopy and energy-dispersive X-ray microanalysis