Arbeidstakarar kan bli eksponerte for mikroorganismar som ein pustar inn, eller gjennom hudkontakt. Dette kan gi negative helseeffektar, som infeksjonar og allergiske og inflammatoriske effektar på lunger og hud.

Vi veit mykje om moglege effektar frå mikroorganismar, men ulike arter kan ha ulik effekt og årsakssamanhengar kan derfor vere uklare.

– Vi har nye analysemetodar som har gjort det enklare å karakterisere den mikrobiologiske eksponeringa på arbeidsplassen. Det betyr at vi kan gjere betre og meir målretta risikovurderingar, seier Pål Graff, leiande seniorforskar ved STAMI.

Dei komplekse eksponeringane på arbeidsplassar gjer det vanskeleg å vurdere risiko. Med nye teknikkar for analyse har det blitt mogleg å identifisere ulike artar av mikroorganismar, som gjer at ein kan karakterisere eksponeringar mykje meir detaljert.

Korleis kan vi bruke denne informasjonen i risikovurdering, og korleis kan vi formidle resultata?

21. til 23. mars kan du vere med på kurs om eksponering og risikovurdering av mikroorganismar.

Nye yrker

Mikrobielle eksponeringar er ikkje berre ei utfordring i etablerte arbeidsmiljø. Vi finn nye typar eksponeringar i nye yrker.

Til dømes har orienteringa mot ein meir sirkulær økonomi med meir resirkulering, sortering og gjenbruk av avfall ført til nye typar eksponeringar for mikroorganismar. Men det er mangelfull kunnskap om helserisikoane for arbeidstakarane.

Eksponering for mikroorganismar, og restar av giftstoff, er relevant på mange arbeidsplassar. Til dømes i avfallshandtering, metallarbeid og i landbruket. Eksponeringane er komplekse og ofte ikkje karakterisert på ein god måte.

Risikovurderingar av mikrobielle eksponeringar er også vanskeleg, og vi har ikkje konsensus om kva for element i eksponeringa ein skal rette seg mot.

Få godt grunnlag til å vurdere

Dette kurset skal gi ein innsikt i dei tilgjengelege teknikkane for prøvetaking og måling av mikrobielle eksponeringar. Her vil vi diskutere ulike aspekt ved risikovurdering, tiltak for førebygging, og helseutfall knytt til slike eksponeringar.

Målet med kurset er å gi deltakarane eit godt grunnlag til å gjere risikovurderingar for mikrobielle eksponeringar på arbeidsplassen. I tillegg skal vi adressere utfordringar med å måle eksponeringar, og evaluering av eksponeringsmålingar. Kurset skal gi ein innsikt i risikokommunikasjon, forebyggingstiltak og helseutfall av mikrobielle eksponeringar.

I løpet av kurset skal vi diskutere ulike teknikkar for å måle mikrobielle eksponeringar, og utfordringane med å samle inn representative målingar, og val av analyseteknikkar.

Målgrupper for kurset er forskarar, arbeidstilsyn og bedriftshelseteneste.

Her finn du meir informasjon om kurset og påmelding.