På mange arbeidsplassar har vegger og dører blitt erstatta med opne rom, delte pultar og fleksible kontorløysingar.
Ein ny studie frå STAMI viser at kontorløysinga i stor grad påverkar korleis tilsette opplever inneklimaet – og at dette igjen heng saman med førekomsten av hovudverk og luftvegsplager.
Store forskjellar mellom kontortypar
Forskarane samla inn data frå nesten 8000 norske kontortilsette i 2016 og 2019.
Dei tilsette jobba i alt frå private cellekontor til fleksible kontorløysingar utan faste plassar. Resultata viste at dei som sat i fleksible kontorløysingar, eller kontor delte med mange andre personar, oftare rapporterte om dårleg inneklima samanlikna med dei som sat på private kontor.
Plager heng saman med inneklima
Mange av deltakarane rapporterte om hovudverk og luftvegsplager. Analysane til forskarane viste at desse plagene var tydeleg knytt til korleis dei tilsette opplevde inneklimaet.
– Tørr luft, trekk og dårleg ventilasjon var knytt til auka risiko for symptom som hovudverk og luftvegsplager, forklarer tidlegare STAMI-forskar Therese Moazami, som er førsteforfattar av studien.
Interessant nok fann forskarane ingen direkte samanheng mellom kontortype og symptom, dersom inneklimaet i utgangspunktet var godt.
– Det betyr at det ikkje nødvendigvis er kontorløysinga i seg sjølv som er problemet. Men dersom inneklimaet ikkje er godt nok, kan opne og delte kontorløysingar forsterke ubehag og helseplager, legg Moazami til.
Kvifor er inneklimaet dårlegare?
Sjølv om årsaker ikkje er studerte i studien, er det nokon ting som går igjen i forskingslitteraturen.
Dei som sit i delte kontorløysingar har ofte mindre autonomi over eige inneklima. For dei har ofte mindre tilgang til å opne og lukke vindauge og dører, eller justere temperaturen og belysninga i rommet, samanlikna med dei som sit på private cellekontor.
Moazami nemner også at sosiale mekanismar kan spele inn, der misnøya til éin tilsett som klagar på trekk eller tørr luft, kan forsterke andre si oppleving av liknande problem. Dette kan igjen gjere dårleg inneklima til eit problem fleire blir klar over.
Gode råd om inneklima
Inneklima er mellom anna luftkvalitet, temperatur, lys og støy. Korleis menneske opplever inneklimaet er også noko kjønnsavhengig, og blir også påverka av psykososiale forhold på arbeidsplassen. For å finne konkrete tiltak til korleis ein kan forbetre inneklimaet, må ein derfor kartleggje årsakene på kvar enkelt arbeidsplass.
Men i følgje forskaren er det nokre punkt det er viktig å tenkje på:
- Ventilasjonen i rommet er tilstrekkeleg: Leverer ventilasjonsanlegget det det skal og er det dimensjonert for det talet personar som er i rommet? Ofte er det faktisk ikkje noko feil med ventilasjonen i rommet, men rommet blir brukt av fleire personar enn det det er dimensjonert for.
- Å bestemme over eige inneklima heng saman med korleis ein opplever inneklimaet: Tilsette som veit at dei kan tilpasse lys, justere innetemperaturen, lukke døra og liknande, klagar ofte mindre over inneklimaet, samanlikna med dei som veit at dei ikkje kan gjere noko med det.
- Personar som utfører oppgåver der konsentrasjon og privatliv er viktig bør kanskje få sitje på eit privat cellekontor, eller i alle fall ha høve til det. Dette gjeld særleg personar som sit på kontoret kvar dag, store delar av dagen. På ein kontorarbeidsplass er lønn til tilsette ofte den største utgifta og tilsette som ikkje klarer å konsentrere seg om oppgåvene dei skal utføre, blir fort ein høg kostnad.
- Kartlegg årsakene til dårleg inneklima med jamne mellomrom, slik at ein kan oppdage og handtere problem tidleg.
– Utfordringar med inneklimaet varierer frå bransje til bransje og mellom ulike typar kontorarbeid. Kvar arbeidsplass må finne løysingar som passar deira eigne lokale og arbeidsformer, seier Moazami.
Ho understrekar vidare at når inneklimaet blir opplevd som godt, viser studien at forskjellane i helseplager mellom delte og private kontorløysingar er små.