Hjem Nyheter Partiklar frå tannsliping kan vere skadel[...]

Partiklar frå tannsliping kan vere skadeleg for helsa

Sliping og polering av tenner med nye komposittmateriale kan føre til frigjering av mikro- og nanopartiklar. Tannhelsepersonell som pustar inn desse partiklane ofte og over lengre tid, kan oppleve negative helseeffektar, ifølgje ein ny studie frå Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI).

Sliping og polering av tenner og komposittmateriale kan gi ultrafine partiklar og komposittfragment. I det nystarta Dentex-prosjektet ved STAMI skal forskarar undersøke om innanding av partiklar som blir frigjort ved sliping av kvitt tannfyllingsmateriale, kan utgjere ein helsefare for tannlegar, tannpleiarar og tannteknikarar.

Undersøker effekt på lungeceller

I ein nyleg publisert forskingsartikkel frå prosjektet karakteriserer forskarane støv frå polymerbasert tannfyllingsmateriale danna under sliping med forskjellige tannlegebor. I tillegg har dei undersøkt partikkelopptak og potensielle effektar i menneskelege lungeceller.

Laboratorieforsøka med sliping og polering av komposittmateriale som blir brukt i tannbehandlingar, viste at det vart danna relativt høge nivå av partiklar. Analysar av prøvane med eit avansert mikroskop viste at meir enn 80 prosent av partiklane hadde ein minimumdiameter mindre enn 1 mikrometer (µm). Dei fleste partiklane var i storleiksområdet 15-35 nanometer (nm), det vil seie i same storleiksskala som nanopartiklar. 1 nanometer = 0,001 mikrometer

Det er bekymring for helseeffektar av nanopartiklar sidan det er svært sannsynleg at dei blir avsette djupt i lungene. Celleforsøk i humane lungeceller viste at dei høgaste dosane hadde toksiske effektar på lungeceller, og at partiklane vart tatt opp i cellene.

− Konklusjonen er at sliping av tenner med komposittmateriale kan føre til frigjering av partiklar og nanopartiklar. Langvarig og hyppig eksponering for desse partiklane kan ha negative helseeffektar for tannhelsepersonell, seier Shan Narui, seniorforskar og gruppeleiar på STAMI. Han legg til at det finst lite forsking på feltet.

 

SEM-bilder av partiklane som vart danna under boring og sliping av komsposittmaterial.

Karakteriserer eksponeringar

I tillegg til partiklar som blir danna frå komposittmateriala, er tannhelsepersonell utsett for luftborne partiklar som inneheld mikroorganismar som bakteriar, virus og soppartar. Desse kan eksistere som dropar, men også bli transporterte på genererte partiklar og kan vere ei potensiell kjelde til luftvegsplager. Sentrale spørsmål i Dentex-prosjektet er:

– Kva arbeidsoperasjonar dannar mest aerosolar?

– Kva slags partiklar og organismar finst i aerosolane og korleis fordeler desse seg på storleik?

– Finn vi igjen same type partiklar i lungecellene som i laboratorieforsøka?

For å svare på desse spørsmåla har forskarane byrja med å karakterisere eksponeringa frå ulike arbeidsoperasjonar, overvake partikkelkonsentrasjonar over tid og i tillegg avstand frå arbeidsplassar i tannklinikkar.

Til no er det gjort to prøvetakingar i felt.

− Resultata så langt tyder på at nokon typar arbeidsoperasjonar kan føre til høge nivå av partiklar i lufta, forklarer forskar Torunn Kringlen Ervik, som har gjort desse målingane.

Simulerer eksponeringar i kammer

Vidare vil forskarane undersøke toksikologiske effektar av partiklar skapt ved sliping av komposittmateriale in vitro, ein metode der ein studerer prosessar i reagensglas, glas eller petriskåler.

− I desse studiane vil vi gjere celleforsøk med menneskelege lungeceller i laboratoriet. Her vil vi simulere eksponeringar ved å bruke eit kammer som er designa for å etterlikne lungeeksponeringar i menneskelege lunger, fortel Shan Narui.

Forskarane vil òg bruke ein 3D-cellemodell som skal simulere og etterlikne samansettinga av hovud- cellene som vil vere involverte i handtering av partiklar og andre biologiske agens i luftblærene i lungevevet.

− På den måten kan vi undersøke kva biologiske markørar som potensielt kan bli framkalla av eksponeringar som kan forklare til dømes lungeinflammasjon, fibrose, og kols, forklarer Narui.

Prosjektet blir utført i samarbeid med Tannhelsetjenestens kompetansesenter Øst (TkØ) og Nordisk Institutt for Odontologiske Materialer (NIOM).

 

Les mer om prosjektet

Les vitenskapelig artikkel

Få nyhetsbrev
Lukk