Når ny teknologi gir nye måtar å arbeide på, vil det også kunne gi nye utfordringar for arbedsmiljøet. Derfor er det viktig for STAMI å undersøke kva tilsette blir eksponerte for i nye arbeidsoperasjonar.
Den nye Follobana er eit slikt prosjekt der vi ikkje tidlegare har målt eksponeringar under denne nye typen tunneldriving. For Bane NOR sine entreprenørar har bora seg gjennom 20 kilometer med fjell med fire, digre boremaskiner.
I Noreg har det tidlegare vore vanleg å sprenge seg gjennom fjellet nå ein har laga tunnelar. Så denne metoden er ny i norsk samanheng, og den er enno ikkje godt kartlagt for eksponering.
Målingar av lufta
Derfor har STAMI vore med heilt frå starten for å måle korleis dei som opererer boremaskina blir eksponerte for bestemte stoff i steinstøvet.
– Vi skal inn i tunnelen og ta prøver når maskina er i vanleg drift, og gjere målingar av lufta som arbeidstakarane pustar inn. Vi skal også gjere helseundersøkingar, spesielt av lungefunksjon, sa avdelingsdirektør ved STAMI, Karl-Christian Nordby, før prosjektet sette i gang.
Seks år seinare har dei 150 meter lange boremaskinene bora seg gjennom 20 kilometer med fjell. Både dagar og netter har operatørane jobba skift på fire boremaskiner.
Gjennomsnittfarta har vore 12-15 meter per dag.
Kvarts i støvet
Kva svever i lufta inne i fjellet, bak denne enorme boremaskina?
– Vi har gjort målingar av støv i arbeidsatmosfæren. Mellom anna har vi analysert innhaldet av kvarts i det støvet som går djupast ned i lungene, seier Mimmi Leite, som er stipendiat ved STAMI.
Kvarts er eit hardt mineral som er vanleg i fjell i Noreg, og dette finst i delar av fjellet denne tunnelen går gjennom. Når ein borer i fjell med kvarts og er eksponert for steinstøv, kan ein ha høgare risiko for redusert lungefunksjon og lungesjukdommar.
I tillegg til steinstøv med kvarts, har forskarane målt nivå av dieseleksos og oljetåke i lufta inne i tunnelen.
Nyttig kunnskap
STAMI sine forskarar arbeider no med å analysere materialet frå alle desse undersøkingane, og vil etter kvart publisere funn frå dette prosjektet. Men nokre svar har vi likevel.
– Vi ser at alle operatørane på tunnelboremaskina er eksponert for støv og kvarts i ulik grad. Det er ulike eksponeringar mellom dei ulike arbeidsgruppene, og det er høgast eksponering lengst framme på maskina. Dette er venta sidan det er nærast borehovudet til maskina, som er kjelda til støvet, seier Leite.
Resultata frå helseundersøkingane tar det lenger tid å undersøke, men etter kvart vil resultata frå dette prosjektet vere eit viktig bidrag til kunnskap om arbeid med tunnelboremaskiner. Det finst lite kunnskap om dette feltet frå før, og denne kunnskapen vil vere nyttig for statlege organ som er ansvarlege for å fastsette grenseverdiar for kvarts. Grenseverdien for kvarts i Noreg vart sett ned i 2020, og blir i dag vurdert i fleire land.
Kunnskapen vil også vere nyttig for å kunne gi råd til aktørar som utfører denne typen arbeid om korleis ein kan redusere eksponeringane som dei som arbeider på maskina er utsette for.
– Eitt av våre perspektiv er å sette samfunnet i stand til å bruke ny teknologi på ein trygg måte. Forskningsresultata vil vere overførbare til alle situasjonar der arbeidstakarane blir eksponerte for kvarts, som boring i fjell eller handtering av sand som inneheld kvarts, seier avdelingsdirektør Karl-Christian Nordby.