35.000 personar jobbar i passasjertransport som buss, bane, drosje og tog, og 82 prosent av desse er menn.

Bransjen er avhengige av skift- og turnusarbeid, og 62 prosent jobbar skift eller turnus, medan 29 prosent jobbar natt.

61 prosent av dei med fråvær i bransjen oppgir at fåværet heilt eller delvis kjem av jobben.

  • 57 prosent av dei med luftvegsplager meiner at dette kan komme av jobben
  • 69 prosent av dei med smerter i nakke og skuldrer seier at desse heilt eller delvis kan komme av jobben
  • 46 prosent av dei med smerter i beina seier at dette kan komme av jobben
  • Hjarte- og karsjukdommar og diabetes er meir utbreidd i denne bransjen

Ein bra dag på jobb: Rutebuss og persontrafikk

Ein kan førebygge mykje

Ugunstige arbeidstider er ein faktor dei som jobbar i bransjen trekker fram som ein viktig faktor i arbeidsmiljøet.

I tillegg til risiko for ulykke og skadar, støtte frå leiar og moglegheit til å påverke arbeidet, einsformige arbeidsoppgåver og vanskelege situasjonar med kundar.

Vi kan ikkje nødvendigvis fjerne desse faktorane, men vi kan legge til rette for at dei skal bli minst mogleg belastande for tilsette i bransjen.

  • STAMI har utvikla verktøyet Ein bra dag på jobb som verksemder kan nytte i førebyggande arbeidsmiljøarbeid.
  • Det består av filmsnuttar som visualiserer ulike arbeidsmiljøutfordringar og utgjer eit utgangspunkt for diskusjonar. Dei er bygd opp av fiksjonsscener og intervju med leiarar og tilsette, i tillegg til forskarar som seier noko om kva det kan føre til å stå i desse utfordringane over tid. Ein kan ikkje fjerne alle utfordringar i arbeidsmiljøet, men forskarane gir råd om kva ein kan gjere for å redusere eller handtere utfordringane.
  • Ein bra dag på jobb er eit gratis kunnskaps- og erfaringsbasert  verktøy, og gjer det enkelt å jobbe med arbeidsmiljø.
  • STAMI har laga verktøyet for ei rekke bransjar, og vi utviklar verktøyer for fleire bransjar fortløpande.
  • Buk av verktøyet inneber to møte på éin til éin og ein halv time i grupper på seks til åtte personar, der ein diskuterer sitt eige arbeidsmiljø og tiltak for å betre arbeidsmiljøet. Like viktig som å snakke om utfordringane, kan det vere å vektleggje område ein er god på.
  • Dei to møta legg grunnlaget for å utvikle ein handlingsplan som de jobbar med kontinuerleg.
  • Ein kan bestille plansjar til kvart møte på enbradagpajobb.no. Ein bra dag på jobb har som mål å engasjere alle tilsette. STAMI anbefaler derfor at leiar og tillitsvald/verneombod i fellesskap leiar prosessen for å styrke det lokale partssamarbeidet.
  • Verktøyet finn du her: enbradagpajobb.no

Ugunstige arbeidstider

Dei fleste som jobbar innan persontransport jobbar på ukurante tider. Dei viktigaste negative konsekvensane av skift- og nattarbeid på kort sikt er søvnforstyrringar og auka risiko for arbeidsulykker.

På lang sikt kan skiftarbeid føre til psykiske plager, muskel- og skjelettplager og hjarte-og karsjukdom.

– God planlegging av skiftplanar kan bidra til å redusere belastninga av å jobbe skift. Tiltak vi veit verkar er å ikkje ha meir enn tre vaktar på rad, minst 11 timar mellom vaktene og vaktene bør ikkje vare meir enn ni timar, seier Elisabeth Goffeng, forskar ved STAMI og prosjektleiar for ‘Ein bra dag på jobb’,

Risiko for ulykker og skadar

Persontransport inneber risiko for personskade og død. Å vite at eigne feil kan sette eige eller andre sine liv i fare kan vere ei psykisk belastning.

– Opplæring og trening er viktig for å kunne utføre arbeidsoppgåvene sikkert. Det er også viktig at leiarane skaper ein tryggingskultur ved at dei kommuniserer tydeleg at tryggleik er prioritert i verksemda, seier Stein Knardahl, professor ved STAMI.

Vanskelege kundesituasjonar

Når ein jobbar med passasjertrafikk kan ein hamne i utfordrande situasjonar der du som tilsett blir utsett for truslar, vald eller uønskt seksuell merksemd.

– Stadige konfliktar med kundar bidrar til lågare jobbtilfredsheit og jobbtilhørighet og kan i mange tilfelle føre til eit ønske om å slutte i jobben. Då blir det ekstra viktig med gode rutinar for rapportering og ein kultur for å snakke om ting, seier Håkon Johannesen, forskar ved STAMI.

God investering

STAMIs arbeidsmiljøverktøy ‘Ein bra dag på jobb’ skal hjelpe tilsette som jobbar med persontransport til å få betre arbeidsflyt, meir motivasjon og mindre sjukefråvær.

Eit godt arbeidsmiljø kan bidra til å førebygge mykje av fråværet som er relatert til arbeidet i denne bransjen.

– Dette er ei god investering som vil påverke motivasjonen og helsa til dei tilsette, men også arbeidsflyten og produktiviteten for verksemda, seier Elisabeth Goffeng.

‘Ein bra dag på jobb’ for rutebuss og persontrafikk finn du her:

Ein bra dag på jobb: Rutebuss og persontrafikk