STAMI er medlem av PEROSH og vi samarbeider med andre PEROSH-medlemmar i felles europeiske prosjekt om fleire ulike tema innan arbeidsmiljø og arbeidshelse, frå eldrebølga til kjemisk eksponering i arbeidet.
På PEROSH sine nettsider kan du finne nyheiter og publikasjonar. Tidlegare har PEROSH bidratt med viktige funn og forsking, som i dag blir brukt av leiande europeiske institusjonar.
Forskarar ved STAMI deltar i fleire PEROSH-aktivitetar, som felles europeisk database for fysisk belasting i arbeidet, felles prosjekt for studier av arbeidslivstid, og studier av eksponeringar ved arbeid i avfallsbransjen.
Tematiske nyheitsbrev
Du kan abonnere på PEROSH sitt nyheitsbrev ved å klikke her.
PEROSH sender jamleg ut nyheitsbrev om interessante funn, ny forsking og andre aktivitetar i arbeidsmiljø- og arbeidshelse-feltet.
I fjor publiserte PEROSH tre tematiske nyheitsbrev om ‘PEROSH joint research’, ‘The Post pandemic world of work’ og ‘Highlights of the ‘PEROSH Research Conference ‘. Våren 2021 sendte dei ut ei utgåve om korona-pandemien.
Kunnskapsnettverk
PEROSH er eit nettverk med 14 europeiske forskingsinstitutt innan arbeidsmiljø og arbeidshelse. Dei speler viktige roller som kunnskapsleverandørar til nasjonale styresmakter, og helse- og tryggleiksaktørar.
PEROSH-medlemmar koordinerer og samarbeider med europeiske forskings- og utviklingsperosjekt innan arbeidsmiljø og arbeidshelse. Nettverket står for internasjonale prosjekt, konferanser og arrangement, for å bidra med kunnskap og inspirasjon til å levere forsking på høgt nivå.