Hjem Nyheter Yrkesstøy heng saman med tinnitus hos høy[...]

Yrkesstøy heng saman med tinnitus hos høyrselshemma

Ein ny studie frå Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI) tyder på at høyrselstap er eit viktig mellomledd i samanhengen mellom støy og tinnitus.

Eksponering for sterk og langvarig støy i yrkessamanheng kan gi høyrselsskadar, Det kan igjen vere funksjonsnedsetjande og bidra til kommunikasjonsproblem. Tal frå ein fersk publikasjon frå STAMI viser at mellom anna bygg- og anleggsbransjen i Noreg er mest utsett for å få nedsett høyrsel på grunn av arbeidet.

No har forskarane undersøkt samanhengen mellom yrkesstøy og tinnitus – eller øyresus – i norsk arbeidsliv. Forskarane ville også sjå på om samanhengen er avhengig av om arbeidstakarane har nedsett høyrsel eller ikkje.

Tinnitus
Øyresus eller tinnitus er ei lydoppleving ein registrerer, utan at det er nokon ytre lydkjelde. Tinnitus kan arte seg som lett sus, surr, brusing, motorlyd eller pipetonar. Nokon opplever denne støyen som høgfrekvente eller lågfrekvente tonar.

Øyresusen kan vere svært sjenerande, og han kan vere einsidig eller dobbeltsidig, konstant eller periodisk. Ved eigenrapportering angir 10-15 prosent i befolkninga at dei blir sjenerte av plagsam øyresus eller tinnitus. Kjelde: nhi.no

Data frå stor folkeundersøking

Forskarane brukte data frå Helseundersøkelsen i Trøndelag (HUNT) og informasjon frå Statistisk sentralbyrå om yrke og arbeidsstatus. I tillegg brukte dei informasjon om støy i ulike yrke frå ei dansk jobbeksponeringsmatrise, som er eit verktøy for å kategorisere eksponering.

Forskarane undersøkte fleire mål på livstidseksponering for yrkesstøy. Eitt mål var basert på den danske jobbeksponeringsmatrisa og eitt var basert på spørsmål om yrkesstøy som deltakarane hadde svart på.

Deretter såg dei på samanhengen mellom desse støymåla og risikoen for å ha tinnitus meir enn éin time dagleg.

Høyrselstap er viktig mellomledd

− Vi fann ingen samanheng mellom støyeksponering gjennom arbeidskarrieren, rekna ut frå ei jobbeksponeringsmatrise, og risiko for å ha tinnitus over ein time dagleg. Dette tyder på at yrkesstøy ikkje er ein viktig faktor i Noreg i dag når det gjeld utvikling av øyresus. Men − vi justerte ikkje for bruk av høyrselsvern, som kan ha hatt betydning, seier Ina Molaug.

Molaug er stipendiat på STAMI og førsteforfattar av studien.

Forskarane såg også på samanhengen mellom sjølvrapportert støyeksponering og risiko for tinnitus. Her var det ein samanheng, men berre for deltakarar som også hadde eit høyrselstap.

− Mange har lurt på om ein kan få tinnitus sjølv om ein ikkje har ein høyrselsskade. Funnet vårt tyder på at høyrselstap er eit viktig mellomledd i samanhengen mellom støy og tinnitus, konkluderer Molaug.

Les vitenskapelig artikkel

Få nyhetsbrev
Lukk