Hjem Nyheter Nedsett høyrsel gir høgare risiko for ufø[...]

Nedsett høyrsel gir høgare risiko for uførepensjon

Høyrselshemma har høgare risiko for å motta uførepensjon, spesielt yngre vaksne og arbeidstakarar med lavt utdanningsnivå.

Det kjem fram i ein ny studie frå Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI). Høyrselstap er ein av dei vanlegaste formane for funksjonsnedsetting i samfunnet.

− Nedsett høyrsel kan vere funksjonsnedsettande og bidra til kommunikasjonsproblem og sosial tilbaketrekking, fortel Astrid Ytrehus Jørgensen, som er førsteforfattar av studien.

Så langt har kunnskap om samanhengen mellom høyrselstap og sjukmeldingsepisodar eller uførepensjon stort sett vore basert på nokre få tversnittstudiar.

− Vårt mål med studien var å vurdere desse samanhengane i ein stor befolkingsstudie med oppfølging over tid, seier Ytrehus Jørgensen.

Auka risiko for uførepensjon

Forskarane fann ein svak samanheng mellom høyrselstap og tid til første sjukmeldingsepisode. For gruppan med både høyrselstap og tinnitus, var denne samanhengen sterkare.

Det var også ein samanheng mellom høyrselstap ved starten av studien og tid til første utbetaling av uførepensjon. Her var samanhengen sterkare for dei med alvorleg høyrselstap og dei med både høyrselstap og tinnitus.

− Studien viser at høyrselshemma har ein høgare risiko for å motta uførepensjon. Det var også ein svak samanheng mellom høyrselstap og sjukmeldingsepisodar, konkluderer forskaren.

Vil auke framover

I takt med eldrebølga er det venta at talet menneske med høyrselstap i samfunnet vil auke i løpet av dei neste tiåra.

Ytrehus Jørgensen understrekar at auka kunnskap om høyrselstap i arbeidslivet gir viktig informasjon til arbeidsgivarar og styresmaktene med tanke på planlegging av støtte for høyrselsnedsetting på arbeidsplassar. Det kan for eksempel dreie seg om å forbetre akustikk på kontor, å endre organiseringa av møterom, og høyrselsstøttande teknologi.

− Samanhengen mellom høyrselstap og uføretrygd var spesielt sterk hos yngre arbeidstakarar, arbeidstakarar med lav utdanning, og hos kontortilsette. I eit førebyggingsperspektiv kan vi derfor seie at det er størst trang for tilrettelegging og tiltak for yngre arbeidstakarar og for tilsette i kontoryrker, seier Ytrehus Jørgensen.

Studien brukte data frå Helseundersøkelsen i Trøndelag (HUNT) og Statistisk sentralbyrå (SSB).

Data på starttidspunkt for studien var høyrselsmålingar med standard høyrselstest (rentoneaudiometri) i HUNT2 (1996-1998). I utvalet var det 21.754 personar, med gjennomsnittsalder på starttidspunktet på 37 år, og 49 prosent var menn.

Forskarane kopla HUNT2-dataane med registerdata om uførepensjon og sjukmeldingsepisodar frå SSB. Deretter analyserte og vurderte forskarane samanhengen mellom høyrselstap ved starten av oppfølgingsperioden og tid til første sjukmeldingsepisode, samt tid til første utbetaling av uføretrygd. Oppfølgingstida var frå 1996 til 2011.

 

 

 

 

Les vitenskapelig studie

Få nyhetsbrev
Lukk