Målet til Arbeidstilsynet er kort sagt å bidra til å førebygge at arbeidstakarar får skadar og andre helseplager av å gå på jobb. For å sjå til dette, fører Arbeidstilsynet tilsyn, eller inspeksjon ute i verksemder. I tillegg rettleiar og informerer etaten om arbeidsmiljø og lovverk gjennom mellom anna sjølvstendige rettleiingar, dialogseminar og ved å sende ut informasjonsmateriell. Til saman har Arbeidstilsynet tilsynsansvar for om lag 195 000 verksemder med arbeidsgivaransvar i det ganske land.

Det er ikkje tvil om at etaten legg ned mykje tid og pengar for å påverke og passe på at verksemder følger loven og jobbar godt nok med omsyn til helse, miljø og sikkerheit.

Men kva er eigentleg effekten av verkemidla Arbeidstilsynet tek i bruk? Og på kva måte bør etaten nytte ressursane sine for å hjelpe verksemder med å førebygge at tilsette blir sjuke av å gå på jobb? Dette er spørsmål STAMI søker å gi svar på innan 2021 i eit nytt og omfattande forskingsprosjekt i samarbeid med Arbeidstilsynet.

Forskarane skal spesifikt undersøke om verkemidla har effekt i møtet med problemstillingar som gjeld arbeidsrelaterte muskelskjelett -og psykiske plager blant tilsette i heimetenester.

Veit lite om kva som virkar

– Arbeidstilsynet er stadig på jakt etter måtar å jobbe på som kan påverke at verksemder jobbar godt med arbeidsmiljøet sitt, fortel Monica Seem, avdelingsdirektør for dokumentasjon og analyse i Arbeidstilsynet.

– Men vi treng dokumentert kunnskap om korleis vi skal skru saman ressursbruken vår og finne ut: Kva er effekten av tilsyn og rettleiing satt opp i mot kvarandre? I kva situasjonar er tilsyn den beste måten, og når er rettleiing og dialog vegen å gå?

Bilde av Håkon Johannessen som er prosjektleder

Håkon Johannessen er prosjektleder

Denne problemstillinga var bakgrunnen for å starte det nye forskingsprosjektet. Første steg i arbeidet var at STAMI fekk på plass ei internasjonal kunnskapsoppsummering som samla alt ein veit, og ikkje veit, om ulike tiltak tilsyn bruker i verda. Her dokumenterte STAMI at tilsyn er effektivt for at verksemder følger lova, og for å redusere talet på arbeidsskadar i industri og byggebransjen. På den andre sida opplyste oppsummeringa at det er svært lite dokumentasjon om andre bransjar, og på effektar av tilsyn når det kjem til andre negative helseutfall enn arbeidsskadar, som til dømes muskelskjelett- og psykiske plager. Effekten av rettleiing veit ein generelt lite om.

– Tidlegare forsking har i hovudsak studert effektar av tilsyn på arbeidsskadar i store industri- og anleggsverksemder. Derfor skal vi no teste ut Arbeidstilsynet sine verkemiddel på verksemder innan helse- og sosialtenester – ei næring vi veit har utfordringar med muskelskjelett og psykiske plager. Meir spesifikt skal vi teste verkemidla blant heimetenester, opplyser Håkon Johannessen, forskar ved STAMI og leiar for det nystarta prosjektet.

Muskelskjelett- og psykiske plager

Tal frå Nasjonal overvaking av arbeidsmiljø (NOA), som er avdelinga på STAMI som er samlar statistikk om arbeid og helse, viser at muskelskjelettplager og lettare psykiske lidingar som angst og depresjon er dei største helseutfordringane blant norske yrkesaktive. Både i omfang og kostnader i form av redusert helse, sjukefråvær og uførheit.

Forsking frå STAMI viser at eit ugunstig psykososialt arbeidsmiljø kan føre til at tilsette får muskelskjelett- og psykiske plager. Tal viser at heile 40 prosent av tilfella av muskelskjelettplager og 25 prosent av tilfella av psykiske plager er knytt til arbeidsmiljøforhold. I kva grad Arbeidstilsynet har verkemiddel som er effektive i å førebygge arbeidsrelaterte psykiske plager og muskelskjelettlidingar skal det nye prosjektet finne svar på.

Psykososiale arbeidsfaktorar

Bilde av Anne-Marthe Indregard

Anne-Marthe Indregard

Psykososiale arbeidsfaktorar som pregar helse-og sosialsektoren, og som forsking viser kan vere helseskadelege og belastande for arbeidstakarar, er rollekonflikt (motstridande krav i jobben), tidspress og mangel på fleksibilitet og kontroll over arbeidet sitt. Vald og truslar og uønskt seksuell merksemd er andre døme som utpeikar seg.

– I tillegg er dei tilsette i heimetenester ofte åleine i arbeidsstasjonar, som kan auke avstanden til kollegaer og til leiinga, fortel Anne-Marthe Indregard, forskar ved STAMI og deltakar i prosjektet.

Indregard har bakgrunn som sjukepleiar og har i nyare tid gjennomført ei doktorgrad der ho har studert utfordringar med emosjonelle krav på arbeidsplassar. Dette er ein psykososial arbeidsfaktor som inneberer at ein har direkte kontakt med kundar eller pasientar, der ein må vere i stand til å ta omsyn til andre sine følelsar, og på same tid regulere sine eigne følelsar. Hennar doktorgrad viser at emosjonelle krav kan gå på helsa laus ved at arbeidstakarar som ofte opplever ein ubalanse mellom eigne følelsar og dei følelsane som må visast utad, har auka risiko for å bli emosjonelt utmatta, og høgare risiko for å bli sjukemeldt. Helse- og sosialsektoren skårar høgt på mengden av emosjonelle krav i arbeidet.

Vegen for framtida

Johannessen legg ikkje skjul på at det er ei utfordrande oppgåve å undersøke effektar av verkemidla når det kjem til dei psykososiale delane av arbeidsmiljøet.

–Dette er ikkje forhold som enkelt kan målast med eit apparat, som for eksempel støynivå kan, seier han.

Men han slår fast at forskargruppa dekker den relevante kompetansen som trengs, og at metoden dei vil bruke er god nok til å gi grundige svar som kan brukast i praksis.

– Vi arbeider med eit veldig spennande og viktig prosjekt som skal gi konkrete svar på kva for verkemiddel som fungerer i ein gitt situasjon, og i kva situasjonar den eine eller andre metoden ikkje fungerer. Vi skal rett og slett finne ut om noko vi bruker så mykje pengar på faktisk fungerer, og eventuelt kva vi må gjere for at det skal fungere, oppsummerer Johannessen.

Det er ikkje gitt at tilsyn har like stor effekt på å forbetre det psykososiale arbeidsmiljøet som det har på å minske arbeidsskadar. Kanskje er rettleiing meir effektivt ved at verksemder blir meir mottakeleg for kunnskap enn sanksjonar? spekulerer Johannessen.

Avdelingsdirektøren i Arbeidstilsynet set også spørsmålsteikn ved dette:

– Kanskje er ikkje tilsyn vegen å gå for at verksemder skal jobbe godt med denne delen av arbeidsmiljøet. Arbeidstilsynet er nok mest kjend for å vere ein kontrolletat som fører tilsyn og gir pålegg til dei som bryt lovar, då det er rolla vi har hatt i 125 år. Det skal vi også fortsette å vere. Men siste åra har vi hatt meir og meir fokus på å bruke verkemiddel i form av rettleiing. Gjennom rettleiing og formidling av kunnskap har vi meir ei rolle som viser veg og motiverer, forklarar ho.

Slik vil dei måle effektane av verkemidla

For å finne svar på effekten av verkemidla, vil forskarane plukke ut tilfeldige, offentlege bedrifter som tilbyr heimetenester. Ved hjelp av loddtrekning vil dei uttrekte bedriftene bli fordelt i tre tiltaksgrupper og ei kontrollgruppe. Men før arbeidet dette går i gang, skal STAMI kartlegge personleg helse og det psykososiale og organisatoriske arbeidsmiljøet blant alle tilsette i føretaka ved hjelp av anonyme spørjeskjema. Totalt skal dei gjennomføre fire rundar med arbeidsmiljø- og helsekartleggingar – først ein gang før dei set i gang med tiltak, og så tre gongar etter at dei har gjennomført tiltak.

Dei tre tiltaksgruppene vil ta imot ulike tiltak frå Arbeidstilsynet. Den eine gruppa vil få inspeksjon (tilsyn), den andre vil få tilsendt rettleiingsmateriell om HMS-arbeid, og den tredje gruppa får delta på eit dialogseminar der Arbeidstilsynet vil rettleie om HMS-arbeid.

– Ved at vi koplar på registeropplysingar frå NAV, vil vi også kunne studere om tilsyn og rettleiingar frå Arbeidstilsynet har effekt på sjukefråvær og uføretrygd, opplyser Johannessen.

På denne måten vil forskarane kome til bunns i effekten verkemidla til Arbeidstilsynet har i møtet med problemstillingar som gjeld arbeidsrelaterte muskelskjelett og pyskiske plager, og svare på; Nyttar det? Korleis bør Arbeidstilsynet bruke ressursane sine i framtida?

Johannessen påpeiker at uansett kva resultatet blir, er dei plikta til å publisere det. Vinklinga er ikkje styrt av Arbeidstilsynet.

 

(Artikkelen vart først publisert i STAMI-magasinet Arbeid og Helse i desember 2018. Denne artikkelen er ein forkorta og revidert versjon).