Det finst i dag lite nasjonale fakta og kunnskap om arbeidsmiljøet til LHBT-personar i Noreg, sjølv om det blir forska stadig meir på inkludering i arbeidslivet.

Ei kunnskapsoppsummering gjort i Sverige, av nesten 300 studier, viser at LHBT-personar, kan vere meir utsette for faktorar i arbeidsmiljøet som har negativ påverknad på trivsel og helse.

LHBT-personar (lesbiske, homofile, bifile, transpersonar, i tillegg til fleire kjønnsidentitetar og seksuelle orienteringar) opplever i større grad enn andre fordomsfull åtferd, diskriminering og trakassering på arbeidsplassen.

Slike opplevingar på jobb er forbunde med lågare trivsel og engasjement i jobben, auka risiko for å utvikle symptom på angst og depresjon, søvnproblem og høgare risiko for lengre sjukefråvær.

Leiarar har ei viktig rolle

Det var det svenske Myndigheten för arbetsmiljökunskap (Mynak) som i 2022 gjennomførte ei kunnskapsoppsummering om arbeidsmiljøet for LHBT-personar. Her kjem det mellom anna fram at leiarar og toppleiinga er viktig for å skape eit inkluderande arbeidsmiljø.

Dersom ein ikkje opplever synleg støtte frå leiarar aukar risikoen for at LHBT-personar blir utsette for trakassering på arbeidsplassen, viser studien.

– Denne kunnskapen er det viktig at leiarar i arbeidslivet er merksame på, for å kunne legge til rette for trivsel og å førebygge sjukefråvær blant tilsette i desse gruppene, seier STAMI-direktør Therese Hanvold.

I følgje kunnskapsoppsummeringa vil eit arbeidsmiljø som LHBT-personar opplever som støttande, bidra til at LHBT-personar opplever å vere meir tilfreds med jobben, betre helse, og at ein i større grad vil vere open om seksuell legning og kjønnsidentitet.

– Alle vil tene på eit arbeidsliv der vi kan vere oss sjølve fullt ut, og der vi opplever psykologisk tryggleik, seier Hanvold.

Rettleiing for godt LHBT-arbeidsmiljø

Nyleg har svenske Mynak også publisert ei rettleiing til verksemder om korleis ein kan bruke den tilgjengelege kunnskapen om risikofaktorane i arbeidsmiljøet som er spesielle for LHBT-personar.

Her er nokre av råda som kjem fram i rettleiinga.

Legge til rette for openheit

Forsking viser at det er viktig at det er mogleg for LHBT-personar å vere opne om sin seksuelle legning og kjønnsidentitet. Dersom ein har ein kultur i verksemda som generelt uttrykker støtte til LHBT-personar, kan både dei som er opne og dei som ikkje er det, oppleve arbeidsplassen som eit trygt miljø.

Støtte frå kollegaar

Det betyr mykje for LHBT-personar å oppleve støtte frå kollegaar. Det er med på å skape psykologiske tryggleik. Som kollega er det effektivt å uttrykke støtte for mangfald, og å markere motstand mot nedsettande og fordomsfullt språk, eller andre formar for diskriminering.

Støtte frå leiarar

Ein leiar speler ein viktig rolle i LHBT-personar sitt arbeidsmiljø. Ved å vise støtte til den enkelte tilsette, motverke og forebygge diskriminering og negativ særbehandling av LHBT-personar. Det er viktig å bidra til å etablere ein støttande kultur, å vise emosjonell støtte, og å vere tilgjengeleg dersom ein har problem knytt til arbeidsmiljøet. Ein leiar med ein viss kompetanse om LHBT-problemstillingar kan lettare bidra som ein støttande leiar.

Støtte frå toppleiinga

Toppleiinga er viktig for å skape eit inkluderande arbeidsmiljø, og det er viktig at toppleiinga er klar over at tryggleik for LHBT-personar er knytt til arbeidsmiljø. Leiinga kan vise at dei støttar målet om å vere ein inkluderande arbeidsplass og støttar retningslinjer om inkludering. Dei kan også sikre at organisasjonen arbeider aktivt for å forebygge diskriminering.

Fleire råd og heile rettleiinga kan du lese her.

Sidan kunnskapsoppsummeringa frå Mynak i Sverige inneheld studiar frå mange ulike land, gir den oss ikkje noko fullstendig bilete av situasjonen for LHBT-befolkninga i Noreg. Likevel peiker den på nokre tendensar som det kan vere viktig å merke seg, og som ein kan legge til grunn når ein skal basere seg på kunnskap for å skape eit godt arbeidsmiljø for LHBT-personar.