Hjem Nyheter Tilsette i heimetenesta er ei særleg utse[...]

Tilsette i heimetenesta er ei særleg utsett gruppe

Tilsette i heimetenesta opplever meir vald, truslar og trakassering enn mange andre yrkesgrupper. Ein STAMI-studie viser at dette aukar risikoen for psykiske plager.

Heimetenesta er ein viktig del av helse- og omsorgstenesta i Noreg. Samtidig slit sektoren med høgt sjukefråvær og mangel på tilsette. No viser ein ny studie at arbeidsmiljøet kan vere ein viktig del av forklaringa.

Forskarar ved STAMI har undersøkt korleis vald, truslar, mobbing og seksuell trakassering på jobb påverkar den psykiske helsa og sjukefråværet til tilsette i heimetenesta.

– Mange jobbar åleine og er tett på menneske med ulike utfordringar, som til dømes kan gjere dei fysisk eller verbalt utagerande. Det kan gjere dei tilsette meir sårbare for ubehagelege eller truande situasjonar, seier stipendiat Rigmor Knutsen.

Meir utsett enn andre

Som ein del av studien har 1400 tilsette frå 130 heimetenester i Noreg gjennomført spørjeundersøkingar om aggresjon på arbeidsplassen og psykisk belastning, på fleire måletidspunkt. I tillegg har forskarane henta inn registerdata om legemeldt sjukefråvær for over 1800 deltakarar, over ein periode på 26 månader.

Resultata viser at tilsette i heimetenesta er langt meir utsette for arbeidsrelatert aggresjon enn arbeidstakarar generelt i Noreg. Over éin av fire oppga at dei hadde opplevd uønskt seksuell merksemd på jobb. Rundt 13 prosent hadde opplevd fysisk vald eller truslar.

– Tala er vesentleg høgare enn vi ser i den generelle arbeidsstyrken. Det stadfestar at dette er ei særleg utsett gruppe, seier Knutsen.

Dei fleste tilfella av vald, truslar og seksuell trakassering kom frå brukarar i heimetenesta. Samtidig rapporterte ein del tilsette om mobbing frå kollegaer og leiarar.

Påverkar den psykiske helsa

Alle typar aggresjon var knytt til auka risiko for psykiske plager, viser studien. Dette gjeld både vald, truslar, seksuell trakassering og mobbing.

– Opplevingar av aggresjon på jobb kan føre til angst, depresjon og utbrentheit, som igjen kan påverke arbeidsevne og føre til sjukefråvær, forklarer Knutsen.

Særleg mobbing hadde sterke samanhengar med psykisk belastning. Tilsette som opplevde mobbing frå kollegaer eller leiarar hadde mykje høgare risiko for å ha symptom på psykiske plager.

Mobbing kan gi auka sjukefråvær

Forskarane fann også ein viktig forskjell mellom ulike typar aggresjon. Medan alle former for aggresjon var knytt til psykiske plager, var det berre mobbing utført av kollegaer som tydeleg auka risikoen for sjukefråvær på grunn av psykiske lidingar.

– Å bli mobba av kollegaer kan føre til sosial isolasjon og mindre støtte på arbeidsplassen. I kombinasjon med ein krevjande arbeidskvardag kan det gjere situasjonen ekstra belastande, seier Knutsen.

Ei mogleg forklaring er at vald og truslar frå brukarar i større grad blir sett på som ein del av jobben, og at tilsette får meir støtte etter slike hendingar. Dei ulike utfalla kan også ha vore påverka av at tilsette opplevde større grad av kontroll i forholdet til brukarane samanlikna med kollegaer.

Behov for tiltak

Forskarane meiner resultata viser at det trengst meir systematisk førebygging.

– Arbeidsgivarar bør ha tydelege rutinar for å førebyggje og handtere aggresjon, både frå pasientar og internt i tenesta, seier Knutsen.

Ho meiner også at arbeidsmiljøtiltak kan bidra til å redusere sjukefråvær og gjere det lettare å rekruttere og behalde tilsette i sektoren.

– Om vi klarer å redusere arbeidsrelatert aggresjon, kan det ha mykje å seie både for dei tilsette og for å sikre kvalitet og stabilitet på tenestene, seier ho.

Les vitskapleg artikkel

Få nyhetsbrev
Lukk