1 av 3 som har sjukefråvær i Noreg oppgir at fråværet heilt eller delvis skuldast forhold ved jobben. Og det er viktig for samfunnet at vi har god kunnskap om korleis arbeidet kan påverke arbeidstakarar sin helse og arbeidsevne.

Det er fleire måtar å studere førekomstar, årsaker og konsekvensar av risikofaktorar i arbeid.

Kan styrke epidemiologisk forsking

Ei ulempe med mykje av data som blir brukt i forsking, som til dømes registerdata, er at dei ikkje gir direkte informasjon om yrkeseksponering. Og nettopp derfor er yrkeseksponeringsmatriser viktig.

– Yrkeseksponeringsmatriser kan vere nyttige verktøy for å supplere registerdata med indirekte eksponeringsdata, og slik gjere det mogleg å forske på viktige problemstillingar innan arbeidshelse, seier Eirik Degerud, som arbeider med yrkeseksponeringsmatriser ved STAMI.

Yrkeseksponeringsmatriser er også ofte brukte saman med spørjeundersøkingar om yrkeshistorikk for å få fram eksponeringshistorikk.

28. og 29. april arrangerer NIVA kurset Occupational Health Research Using Job Exposure Matrices, om yrkeseksponeringsmatriser i forsking om arbeidshelse.

Kurset er i Oslo, og påmeldingsfristen er 12. mars.

Nyttig for mange

Deltakarane vil lære å bruke og vurdere yrkeseksponeringsmatriser for å støtte forsking på arbeidshelse.

Ragnhild Strand Østrem skal leie NIVA-kurset i Oslo, og har mål om at kurset skal vere nyttig for mange.

– Vi vil at kurset skal bidra til å styrke forskinga for å betre arbeidsforhold, redusere sjukdom og fremje trygge og helsefremjande arbeidsplassar. Dette bidreg til berekraftige arbeidsmarknader og sikrar eit godt og trygt arbeidsmiljø, seier ho.

Deltakarane kan vente seg oppdatert og grundig kunnskap om yrkeseksponeringsmatriser, relevansen det har i forsking på arbeidshelse, og at slike data kan vere nyttig på tvers av land, og på denne måten styrke forskingssamarbeidet i Norden.