
Den vitskapelege konferansen AIRMON samlar framståande internasjonale forskarar for å diskutere dei nyaste framstega innan forsking på kjemisk og biologisk eksponering gjennom luft.
Det kan vere eksponeringsvurdering, med vekt på på risikovurdering og overvakingsstrategiar for human eksponering, og også luftprøvetaking, biologisk overvaking, og nye analytiske metodar og teknikkar.
Viktig arena
Konferansen AIRMON vart for første gong arrangert i 1993 av skandinaviske forskarar.
– Den har utvikla seg til ein av dei viktigaste konferanse innan luft og biologisk overvaking av helsefarlege forureiningar, og blir arrangert kvart tredje år, seier ein av grunnleggjarane, forskar og professor emeritus Yngvar Thomassen frå STAMI.
STAMI som lokal arrangør vil føre vidare suksessen frå tidlegare AIRMON-konferansar, og ønskjer forskarar og brukarar av vitskap velkomne til Loen frå 15. til 19. juni.
Hovudtema for konferansen er:
- Luftovervaking: Innovative teknikkar for måling av luftkvalitet i ulike miljø, som arbeidsplassar og inneklima.
- Bioovervaking: Identifikasjon og bruk av biomarkørar for å vurdere menneskeleg eksponering og helseutfall.
- Analytiske metodar: Nye teknikkar, som bruk av kunstig intelligens og måling av nano- og mikroplast.
- Eksponeringsvurdering og modellering: Studiar og modellar for å forstå eksponering i ulike miljø, og korleis dei påverkar vurdering av helserisiko.
Internasjonalt samarbeid
På konferansen skal det vere plenumssesjonar, workshops, høve til nettverksbygging, og ein arena for å fremje internasjonalt samarbeid for å forbetre praksis innan luftovervaking og bioovervaking.
Frå og med 2024 er AIRMON tatt inn som eit samarbeidsnettverk i regi av den europeiske organisasjonen Partnership for European Research in Occupational Safety and Health (PEROSH).
– Det er svært gledeleg, og borgar for ei god utvikling også framover, seier Thomassen.
Meir informasjon om konferansen
Her kan du finne meir informasjon om AIRMON 2025, registrering og programdetaljar.
Sjå konferansen si nettside her