Hjem Nyheter Smerter ved for lite søvn etter nattevakt

Smerter ved for lite søvn etter nattevakt

STAMI har undersøkt samanhengen mellom smerter og forskjellig type skiftarbeid. Studien viser at nattskift aukar risikoen for smerter fleire stader i kroppen. For lite søvn mellom vaktene kan vere ei av årsakene.

Den nye studien har undersøkt om norske sjukepleiarar har ulikt nivå av smerte etter dagvakt, kveldsvakt og nattevakt. Forskarane har sett på smerter i form av magesmerter, muskel-og skjelettsmerter og hovudpine. Dei har også undersøkt om lengde på søvn mellom vaktene spelar ei rolle i smerta dei opplevde.

Nattskift gav meir smerte

Studien viser at sjukepleiarane rapporterte om meir hovudverk, magesmerter, smerter i armar, handledd og hender etter nattskift samanlikna med etter morgonskift. Smerter i bein (hofte, kne, leggar og føter) var lågare etter nattskift, samanlikna med etter morgonskift. Smerter i nakke, skuldrer og øvre eller nedre rygg var ikkje knytt til kveldsskift eller nattskift.

Sidan søvnlengde mellom vaktene blei målt, kunne forskarane finne ut om lengde på søvn mellom vaktene hadde innverknad på smertene.

– Vi fann ut at kort søvnlengde var ein del av årsaksbildet når det gjaldt magesmerter. Magesmertene var høgare jo kortare lengde søvn sjukepleiarane hadde hatt. Det vil seie at denne type smerte etter nattarbeid kanskje kan førebyggast om ein får nok søvn mellom vaktene, fortel STAMI-forskar Dagfinn Matre, ein av forskarane bak studien.

Truleg er særleg djup søvn viktig fordi kortare tid i djup søvn aukar kroppsleg ubehag og gjer at smerter opplevast meir intenst.

Skiftplanar

Å få for lite søvn etter nattevakt kan altså vere ei av årsakene til at sjukepleiarane i studien opplevde meir smerte ved nattarbeid. At for lite søvn påverkar opplevinga av smerte, og omvendt, er godt dokumentert frå tidlegare studiar. Kvifor dette er tilfelle finst det fleire hypotesar om. Mellom anna korleis kjemiske bindingar mellom nerveceller påverkar andre celler, som er involvert i søvn, smerteregulering og sinnsstemning.

– Derfor er det viktig å sørge for å få nok tid til restitusjon og søvn mellom nattevaktene. Særlig bør ein prøve å unngå det ein kallar ”quick returns”, der ein eksempelvis går frå kveldsvakt og deretter morgonvakt. Då er det risiko for at ein ikkje får tilstrekkelig lengde søvn til å hente seg inn. Ofte har ein jo også reiseveg til og frå jobben, og ein har sosiale pliktar heime.

Ein høneblund under nattskiftet kan truleg også hjelpe dersom ein har moglegheit for det. I tillegg bør talet på nattevakter reduserast når ein blir eldre, poengterer forskaren.

Førte i dagbok etter vaktene

I underkant av 700 sjukepleiarar som jobbar skiftarbeid deltok i studien. Ved hjelp av ei digital dagbok skulle dei dagleg svare på spørsmål om mellom anna type vaktskift siste døgnet, smerter det siste døgnet, og lengde og kvalitet på søvn mellom vaktene.

Matre fortel at denne metoden var svært nyttig for å skaffe informasjonen dei trengte for å kunne trekke samanhengar.

– Denne metoden gav oss muligheita til å fange opp eventuelle umiddelbare helseplager av nattarbeid. Til forskjell frå tidligare undersøkingar, så har vi samla inn data dagleg i staden for å spørje om plagar for eksempel siste fire veker. Å spørje om muskelskjelettplager og hovudpine tilbake i tid kan vere vanskelig å hugse, det blir meir gjetting og ein kan blande det med andre minne.

Vitskapeleg publikasjon

Få nyhetsbrev
Lukk