I 2003 vart det gjennomført arbeidsmiljømålingar for utvalte arbeidsoperasjonar ved 6 av dei 7 norske aluminiumverka. For betre å kunne forstå den komplekse arbeidsatmosfæren i smeltehallane, som lengda på og variasjonen av forureiningar i innandingslufta, må ein bruke nye prøvetakingsstrategiar. Dette medfører bruk av aerosolprøvetakarar for dei helserelaterte aerosolfraksjonane. Personleg eksponering av 1037 skiftmålingar vart gjennomført. For HF og SO2 vart det samla inn 854 prøver, for Respicon 1032, for IOM-prøvetakaren 864, for torakal syklon 156 og for respirabel syklon 88 prøver. Prøvetakingsstrategien i prosjektet fokuserte på målingar av total- og vassløyselegfluorid i dei respirable/torakale/inhalerbare fraksjonane, HF og SO2. For aerosolar og SO2 vart det i tillegg nytta direktevisande instrument for å skaffe kunnskap om variasjonen i eksponeringa. Den gjennomsnittlege personlege eksponeringa i hallar med prebake var statistisk sikkert (p<0,05) høgare enn den gjennomsnittlege eksponeringa i hallar med Søderberg. Resultata viser at mesteparten av det totale fluoridet er partikulært fluorid, med eit mindre bidrag frå gassformig HF (mindre enn 12 % av totalfluorid i prebake og mindre enn 20 % i Søderberg). For både prebake- og Søderberghallar kjem det største bidraget til eksponeringa frå kortvarige episodar med høg eksponering. Tradisjonelle prøvetakingsstrategiar med bruka av tidsvege gjennomsnitt, kan føre til at [...]
Hjem Publikasjon Eksponeringskartlegging ved norske alumin[...]
Eksponeringskartlegging ved norske aluminiumverk. Samlerapport for prosjektet «kartlegging av yrkeseksponering av betydning for utvikling av hallastma ved produksjon av primæraluminium» (HAPPA)
Nils Petter Skaugset; Hilde Pettersen Notø; Lars Jordbekken; Elianne Seberg; Dag Ellingsen; Yngvar Thomassen