Ved aluminiumsmelteverket på Karmøy er det føretatt arbeidsmiljømålingar som inngår i prosjektet ”Hallastma i produksjon av primæraluminium (HAPPA)". Målingane vart utført i perioden 10. –15. mars 2003. Eksponeringsnivåa for aerosol og gassar vart undersøkt med forskjellig utstyr og for dei mest aktuelle jobbkategoriane. I alle Respiconprøvene vart både vassløyseleg og partikulært fluorid fastsett. Prosjektet nytta prøvetakingsutstyr som fylgjer dei internasjonalt aksepterte kriteria for helserelaterte aerosolfraksjonar. Totalt ved Sør-Norge Aluminium AS (SØRAL) vart det tatt eksponeringsprøver av 49 personar. I den grad det var praktisk mogeleg vart det tatt fleire eksponeringsprøver av same person. Av dette har ein 90 eksponeringsprøver tatt med IOM kassett, 100 eksponeringsprøver tatt med Respicon, 90 prøver av eksponeringa for HF og SO2, 10 eksponeringsprøver med torakal syklon og 7 eksponeringsprøver med respirabel syklon. I tillegg vart det nytta ekstraksjonsmetodar for å kunne fastsetje fluorid med ulike kjemisk sambinding i aerosolen. Resultata viser at der var stor spreiing i luftkonsentrasjonar over heile arbeidsskiftet for dei einskilde jobbkategoriane. Kortvarig høg eksponering er den største utfordringa for industrien. Den høgaste eksponeringa er målt for jobbkategorien anode golv, medan lågast vart målt lågast for anode køyretøy. Resultata kan ikkje direkte samanliknast med gjeldande administrativ norm då denne baserar seg [...]
Hjem Publikasjon Eksponeringskartlegging ved norske alumin[...]
Eksponeringskartlegging ved norske aluminiumverk. Delrapport for Sør-Norge Aluminium
Nils Petter Skaugset; Hilde Pettersen Notø; Lars Jordbekken; Elianne Seberg; Dag Ellingsen; Yngvar Thomassen