Ved aluminiumsmelteverket på Karmøy er det føretatt arbeidsmiljømålingar som inngår i del 2 av prosjektet ” Hallastma i produksjon av primæraluminium (HAPPA). Målingane vart utført i perioden 20.-27. april 2006. Eksponeringsnivåa for aerosol og gassar vart undersøkt med forskjellig utstyr og for dei mest aktuelle jobbkategoriane. I alle Respicon- og ”Totalstøv”-kassett prøvene vart både vassløyseleg og partikulært fluorid fastsett. Prosjektet nytta prøvetakingsutstyr som fylgjer dei internasjonalt aksepterte kriteria for helserelaterte aerosolfraksjonar. Totalt ved Hydro Aluminium Karmøy (HAK) vart det tatt eksponeringsprøver av 53 personar. I den grad det var praktisk mogeleg vart det tatt fleire eksponeringsprøver av same person. Av dette har ein 101 eksponeringsprøver tatt med IOM kassett, 105 eksponeringsprøver tatt med ”Totalstøv”- kassett, 117 eksponeringsprøver tatt med Respicon og 101 prøver av eksponeringa for HF og SO2. I tillegg vart det nytta ekstraksjonsmetodar for å kunne fastsetje fluorid med ulike kjemisk sambinding i aerosolen. Resultata ved bruk av ”Totalstøv”-kassett kan samanliknast med gjeldande administrativ norm då denne baserar seg på bruk av dette prøvetakingsutstyret. Dette gjeld også for gassane SO2 og HF.
Hjem Publikasjon Eksponeringskartlegging ved norske alumin[...]
Eksponeringskartlegging ved norske aluminiumverk. Delrapport for oppfylging ved Hydro Aluminium Karmøy
Nils Petter Skaugset; Hilde Pettersen Notø; Lars Jordbekken; Elianne Seberg; Dag Ellingsen; Yngvar Thomassen