STAMI-rapport

Publisert

  • 2008

Ved aluminiumsmelteverket på Karmøy er det føretatt arbeidsmiljømålingar som inngår i prosjektet ” Hallastma i produksjon av primæraluminium (HAPPA). Målingane vart utført i perioden 24.mars – 3.april 2003. Eksponeringsnivåa for aerosol og gassar vart undersøkt med forskjellig utstyr og for dei mest aktuelle jobbkategoriane. I alle Respiconprøvene vart både vassløyseleg og partikulært og fluorid fastsett. Prosjektet nytta prøvetakingsutstyr som fylgjer dei internasjonalt aksepterte kriteria for helserelaterte aerosolfraksjonar. Totalt ved Hydro Aluminium Karmøy vart det tatt eksponeringsprøver av 109 person. I den grad det var praktisk mogeleg vart det tatt fleire eksponeringsprøver av same person. Av dette har ein 167 eksponeringsprøver tatt med IOM kassett, 200 eksponeringsprøver tatt med Respicon, 166 prøver av eksponeringa for HF og SO2 og 18 eksponeringsprøver med respirabel syklon. I tillegg vart det nytta ekstraksjonsmetodar for å kunne fastsetje fluorid med ulike kjemisk sambinding i aerosolen. Resultata viser at der er stor spreiinga i luftkonsentrasjonar over heile arbeidsskiftet og at toppeksponering over kortare tid er den største utfordringa for industrien. Jobbkategorien anodeskiftar er den høgste eksponerte jobbkategorien. Resultata kan ikkje direkte samanliknast med gjeldande administrativ norm då denne baserar seg på bruk av standard luftprøve kassett (også kalla ”Totalstøv”kassett) som aerosolprøvetakar. For gassformig fluorid (HF) kan [...]

STAMI - Statens arbeidsmiljøinstitutt, STAMI-rapport, 9(4): 63.
Les publikasjon