STAMI-rapport

Publisert

  • 2008

Ved aluminiumsmelteverket i Høyanger er det føretatt arbeidsmiljømålingar som inngår i prosjektet ” Hallastma i produksjon av primæraluminium (HAPPA). Prøvetakinga vart utført i perioden 20. – 30. oktober 2003. Eksponeringsnivåa for aerosol og gassar vart undersøkt med forskjellig utstyr og for dei mest aktuelle arbeidsoperasjonane. I alle Respiconprøvene vart både vassløyseleg og partikulært fluorid fastsett. Prosjektet nytta prøvetakingsutstyr som fylgjer dei internasjonalt aksepterte kriteria for helserelaterte aerosolfraksjonar. Totalt ved Hydro Aluminium Høyanger vart det tatt eksponeringsprøver av 73 personar. I den grad det var praktisk mogeleg vart det tatt fleire eksponeringsprøver av same person. Av dette har ein 191 eksponeringsprøver tatt med IOM kassett, 195 eksponeringsprøver tatt med Respicon, 191 prøver av eksponeringa for HF og SO2, 55 eksponeringsprøver med torakal syklon og 18 eksponeringsprøver med respirabel syklon. I tilegg vart det nytta ekstraksjonsmetodar for å kunne fastsetje fluorid med ulike kjemisk sambinding i aerosolen. Resultata viser at der er stor spreiinga i luftkonsentrasjonar over heile arbeidsskiftet og at toppeksponering over kortare tid er den største utfordringa for industrien. Av dei målte jobbkategoriane var Gasskappeskiftar den høgste eksponerte i Søderberg og Tappar prebake den høgaste i prebake. Resultata kan ikkje direkte samanliknast med gjeldande administrativ norm då denne baserar seg [...]

STAMI - Statens arbeidsmiljøinstitutt, STAMI-rapport, 9(6).
Les publikasjon