STAMI-rapport

Publisert

  • 2008

Ved aluminiumsmelteverket i Årdal er det føretatt arbeidsmiljømålingar som inngår i prosjektet: ”Hallastma i produksjon av primæraluminium (HAPPA)”. Prøvetakinga vart utført i perioden 2. –11. september 2003. Eksponeringsnivåa for aerosol og gassar vart undersøkt med forskjellig prøvetakingsutstyr og for jobbkategoriane: Omnspassar, Tappar, Boltetrekkar, Anodeskiftar, Oksidkøyrar, Gassbrennar, Stell/avvik og Bluss/miljø. Prosjektet nytta prøvetakingsutstyr som fylgjer dei internasjonalt aksepterte kriteria for helserelaterte aerosolfraksjonar. Totalt ved Hydro Aluminium Årdal vart det tatt eksponeringsprøver av 88 personar. I den grad det var praktisk mogeleg vart det tatt fleire eksponeringsprøver av same person. Av dette hadde ein 168 eksponeringsprøver tatt med IOM-prøvetakar, 192 eksponeringsprøver tatt med Respiconprøvetakar, 161 prøver av eksponeringa for HF og SO2, 42 eksponeringsprøver med torakal syklon og 16 eksponeringsprøver med respirabel syklon. I tillegg vart det nytta ekstraksjonsmetodar for å kunne fastsetje fluorid med ulike kjemisk sambinding i aerosolen. I alle Respiconprøvene vart det i tilegg til masse fastsett både vassløyseleg og partikulært og fluorid. Resultata for alle dei undersøkte komponentane viser at der var stor spreiinga i luftkonsentrasjonar over heile arbeidsskiftet, og at toppeksponering over kort tid var den største utfordringa for verket. Av dei målte jobbkategoriane var Stell/avvik den generelt høgast eksponerte i Søderberg og Anodeskiftar Å1 den generelt [...]

STAMI - Statens arbeidsmiljøinstitutt, STAMI-rapport, 9(5): 79.
Les publikasjon