STAMI-rapport

Publisert

  • 2008

Ved aluminiumsmelteverket på Mosjøen er det føretatt arbeidsmiljømålingar som inngår i prosjektet ” Hallastma i produksjon av primæraluminium (HAPPA).Prøvetakinga vart utført i perioden 17. - 22. februar 2003. Eksponeringsnivåa for aerosol og gassar vart undersøkt med forskjellig utstyr og for dei mest aktuelle arbeidsoperasjonane. I alle aerosolprøvene vart både partikulær og gassformig fluorid bestemt. Prosjektet nytta prøvetakingsutstyr som fylgjer dei internasjonalt aksepterte kriteria for helserelaterte aerosolfraksjonar. Totalt har ved EA Mosjøen vart det tatt eksponeringsprøver av 55 person. I den grad det var praktisk mogeleg vart det tatt fleire eksponeringsprøver av same person. Av dette har ein 87 eksponeringsprøver tatt med IOM kassett, 100 eksponeringsprøver tatt med Respicon, 87 prøver av eksponeringa for HF og SO2, 10 eksponeringsprøver med torakal syklon og 9 eksponeringsprøver med respirabel syklon. I tilegg vart det nytta ekstaksjonsmetodar for å kunne fastsetje fluorid med ulike kjemisk sambinding i aerosolen. Resultata viser at der var stor spreiing i luftkonsentrasjonar over heile arbeidsskiftet for dei einskilde jobbkategoriane. Kortvarig høg eksponering er den største utfordringa for industrien. Den høgaste eksponeringa er målt for jobbkategorien anode golv, medan lågast vart målt lågast for anode kran. Resultata kan ikkje direkte samanliknast med gjeldande administrativ norm fordi denne baserar seg [...]

STAMI - Statens arbeidsmiljøinstitutt, STAMI-rapport, 9(2): 53.
Les publikasjon