STAMI-rapport

Publisert

  • 2008

Ved aluminiumsmelteverket på Lista er det føretatt arbeidsmiljømålingar som inngår i prosjektet ” Hallastma i produksjon av primæraluminium (HAPPA). Dei fyrste eksponeringsmålingane vart utført i januar 2003 og dei siste i mars 2004. Eksponeringsnivåa for dei mest aktuelle jobbkategoriar vart undersøkt med omsyn på aerosol og gassar. Forskjellig prøvetakingsutstyr som fylgjer dei internasjonale aksepterte kriteria for prøvetaking av helserelaterte aerosolfraksjonar vart nytta. I alle aerosolprøvene vart både partikulært og gassformig fluorid bestemt. Totalt ved EAL vart det utført 245 personlege aerosolmålingar med Respiconprøvetakaren. Talet på målingar med IOM-prøvetakaren, HF og SO2 frå gassfilter er 160. Med syklonar er det 39 torakale aerosolmålingar og 20 respirable. I så stor grad som mogleg gjekk same person med prøvetakingsutstyr på fleire skift. Aerosolmengda vart fastsett gravimetrisk. I alle aerosolprøvene vart det mengda fluorid fastsett. Resultata viser at der var stor spreiing i luftkonsentrasjonar over heile arbeidsskiftet for dei einskilde jobbkategoriane. Kortvarig høg eksponering er den største utfordringa for industrien. Ved samanlikning av eksponeringsnivå mellom dei to prøvetakingsperiodane finn ein at i begge prøvetakingsperiodane er det målt lågast eksponering for jobbkategorien boltetrekkar, medan høgast eksponering vart funne for avvik og gasskappeskiftar. Resultata kan ikkje direkte samanliknast med gjeldande administrativ norm fordi denne baserar [...]

STAMI - Statens arbeidsmiljøinstitutt, STAMI-rapport, 9(1).
Les publikasjon