Hjem Nyheter Protein i lufta kan påverke helsa til til[...]

Protein i lufta kan påverke helsa til tilsette i lakseindustrien

Filetering og slakting står fram som spesielt utsette arbeidsoppgåver. Men luftborne partiklar kan vere til stades overalt i anlegga.

I Noreg arbeider tusenvis av menneske med å slakte, filetere og pakke laks før ho blir sendt ut i verda. Dette er ei viktig næring, men også ein arbeidsplass der tilsette kan puste inn små dropar og partiklar som inneheld biologisk materiale, såkalla bioaerosolar.

I studien har forskarar teke prøver av lufta i ni lakseforedlingsanlegg langs norskekysten. 222 tilsette har deltatt i studien, og hatt på seg personlege prøvetakarar festa i pusteområdet, for å fange opp svevande partiklar.

Forskarane målte kor mykje protein og endotoksin arbeidarane vart eksponerte for i lufta gjennom ein typisk arbeidsdag.

– Vi ser at nivåa av protein i lufta er på same nivå som blei rapportert for over ti år sidan, sjølv om risikoen for luftvegsplager er godt kjend i denne industrien, seier STAMI- og UiB-forskar Jorunn Kirkeleit, som er med i forskargruppa bak studien.

SHInE er eit samarbeid mellom dei tre arbeidsmedisinske avdelingane i Tromsø, Trondheim og Bergen, UiT Noregs arktiske universitet og UiB. Prosjektet er leia av Arbeids- og miljømedisinsk avdeling ved Universitetsjukehuset Nord-Norge (UNN) i Tromsø.

Høgast eksponering der fisken blir handtert

Funna viser tydelege forskjellar mellom ulike arbeidsområde. Tilsette som jobba med filetering og slakting vart som venta eksponerte for meir protein i lufta enn dei som jobba i andre delar av anlegget.

– Filetering og slakting står fram som spesielt utsette arbeidsoppgåver. Det er fordi handteringa av rå fisk og bruk av mykje vatn gjer at biologisk materiale frå fisk, som allergen, enzym og endotoksiner, lett kjem ut i lufta, forklarer Kirkeleit.

Slakting inneber til dømes å bedøve fisken før avliving, bløgge for avbløding, og til slutt sløye fisken. Alle desse trinna kan danne bioaerosolar når partiklar og væskedropar frå skinnet, kjøtet og innvollane til laksen, blir kvervla opp i arbeidslufta.

Arbeidsforholda varierer mellom anlegga, med ulik grad av automatisering, utforming, og bruk av maskiner og vatn.

Forskarane målte også nivå av endotoksin, som er eit toksin som finst i celleveggane i bakteriar og som kan gi betennelsesreaksjonar i luftvegane.

– Her var konsentrasjonane generelt låge. Lågare enn det som er funne i fleire andre sjømatindustriar, og langt under dei grenseverdiane som nokre land har tilrådd, seier Kirkeleit.

Eksponeringar fleire stader

Tidlegare målingar i norsk lakseforedlingsindustri frå 2007 og 2008 viste liknande nivå av protein i lufta, trass i ulike målemetodar. Det tyder på at tiltak for å redusere eksponeringa i praksis ikkje har hatt stor effekt.

– Vi såg vidare at tilsette som normalt ikkje står midt i produksjonslinja, til dømes vedlikehaldsarbeidarar eller teknikarar, også kunne bli eksponerte for bioaerosolar på nivå som ikkje var så mykje lågare enn i sjølve produksjonsområda. Dette tyder på at luftborne partiklar kan vere til stades overalt i desse anlegga. Ikkje berre der fisken blir behandla direkte, påpeikar Kirkeleit.

Les vitskapleg artikkel

Få nyhetsbrev
Lukk