At eksponering for eit kreftframkallande stoff kan vere ugunstig for helsa, er logisk for alle. Det er nok mindre sjølvsagt at ein også kan ta skade av å bli eksponert for matvarer.

Det trur Christine Darbakk, stipendiat på STAMI, kan vere ein av grunnane til at helseeffektane av å produsere næringsmiddel har fått mindre merksemd enn eksponering for kjemiske stoff som vi veit er farlege. No tek ho doktorgrad om støveksponering i næringsmiddelindustrien og er straks klar for disputas.

Manglar kunnskap frå næringsmiddelindustrien

− Dei siste åra har ein blitt meir merksame på at næringsmiddel i støvform kan føre til allergiske reaksjonar, yrkesastma og rhinitt − betennelse i slimhinna i nasen. Med unntak av bakeri, manglar vi studiar som vurderer eksponeringar i denne bransjen, forklarer ho.

Døme på bestanddelar i støvet som kan gi helseeffektar, er allergen, endotoksinar frå bakteriar og mykotoksin frå sopp.

Kva svevar i lufta?

Dei fire artiklane i Darbakk sitt dorktorgradsarbeid teiknar eit tydeleg bilete: Tilsette i pulvermatindustrien blir utsette for høge konsentrasjonar av inhalerbare aerosolar, luftborne protein og partiklar som kan utløyse betennelsesreaksjonar i kroppen.

I den første studien vart tilsette ved ein norsk fabrikk utstyrt med personleg prøvetakingsutstyr som målte støvnivået gjennom heile arbeidsdagen. Forskarane tok også prøver under visse oppgåver. Resultata viste at aerosolkonsentrasjonane kunne variere mykje, men at enkelte arbeidsoperasjonar ga svært høge verdiar.

– Vi såg spesielt høge aerosolkonsentrasjonar hos dei som arbeider med manuell veging og tilsetting av pulver, seier Darbakk.

For arbeidarane betyr det at lungene blir utsette for partiklar som ikkje berre legg seg i nasen og halsen, men også kan trenge langt ned i luftvegane. Over tid kan det gi luftvegsplager og auka risiko for sjukdom.

Prøvetakarar kan gi ulike tal

Den andre studien sammenlikna to ulike typar prøvetakarar som skal fange opp partiklane som er inhalerbare. Begge vart brukt i ulike typer matproduksjon, og forskarane såg desse resultata opp mot kvarandre.

Forskarane fann at instrumenta ga litt ulike tal for støvmengd og innhald av protein, men at skilnadane var relativt små. Likevel er det viktig å vere klar over at metoden ein veljer, kan påverke tala. Når ein skal vurdere risiko og utforme tiltak, er det avgjerande at måledata gir eit realistisk bilde.

– Ved å kombinere måling av støv og protein får vi eit meir presist bilde av kva eksponeringar som eigentleg påverkar helsa, seier Darbakk.

Når immunsystemet reagerer

I den tredje studien gjekk forskarane frå måleinstrumenta til laboratoriet. Dei samla støvprøver frå ulike fabrikkar og utsette immunceller for partiklane. Fleire av prøvene sette i gang ein produksjon av betennelsessignal, som kroppen normalt skil ut ved infeksjon eller irritasjon.

Det var tydeleg at nokre typar partiklar var meir «aktive» enn andre. Mengda støv spelte ei rolle, men også kva partiklane besto av. Dermed er det ikkje berre mengda som avgjer risikoen, men også dei biologiske eigenskapane til støvet.

– Det er viktig at vi ikkje ser på støv som éin homogen masse. Dei biologiske eigenskapane kan gjere stor forskjell, seier Darbakk.

Eksponering for protein i arbeidslufta

Den fjerde studien tok for seg eksponering for såkalla løyselege protein, som betyr at dei er løyselege i vatn eller saltvatn.

Darbakk understrekar vidare at sjølv om ikkje alle protein er farlege, veit ein framleis lite om korleis dei påverkar kroppen når dei blir pusta inn.

– Sidan eksponering under matproduksjon kan medføre helsefare, kan måling av løyselege protein gi viktig informasjon om partikkelbelastninga i arbeidsmiljøet, seier ho.

I denne studien undersøkte forskarane kor mykje inhalerbare partiklar og løyselege protein som finst i ulike matproduksjonsmiljø. Studien hadde også som mål å utvikle betre metodar for å trekkje ut og måle protein i ulike typar mat.

Dei fann ein positiv samanheng mellom mengda inhalerbare partiklar og mengda løyselege protein, men styrken på samanhengen varierte mellom ulike produksjonsmiljø. Analysen viste tydelege skilnadar mellom ulike typar produksjon: Fabrikkar som lagar sjokolade, konfekt, snacks, nøtter og chips hadde lågare eksponering for løyselege protein enn bakeri.

Arbeidsoppgåver som måling, knusing, veging og blanding var derimot knytt til mykje høgare konsentrasjonar av løyselege protein.

– Dette peikar på behovet for målretta tiltak for å redusere eksponeringa i slike oppgåver, framhevar Darbakk.

Disputas 22. januar 2026

Christine Darbakk disputerer 22. januar 2026 kl. 13:15 med avhandlingen "“Occupational exposure and inflammatory potential of bioaerosols in the food industry” Disputasen vil finne sted hos Auditoriet på STAMI, Gydas vei 8.

Fire artiklar inngår i doktorgraden: