Denne tilleggsmodulen er i første omgang tilpassa oljebransjen. Equinor, som andre selskap, har sett på moglegheitene for å etablere ein elektronisk database for trygg lagring av selskapet sine kjemiske eksponeringsmålingar. I denne prosessen har Equinor sett det som ein fordel å kunne samarbeide med STAMI for å utvikle EXPO Addon, ein versjon av EXPO Online tilpassa olje- og gassnæringa.

Allereie i bruk

På den måten har Equinor til ein relativt låg kostnad fått tilgang til ein database som dekkjer våre behov, der STAMI står for vidareutvikling og vedlikehald, seier Kristin Gellein, fagleiar yrkeshygiene i Equinor.

Equinor har allereie teke i bruk ein versjon av EXPO Addon.

– For oss er det stor vinning i at vi no får eigne eksponeringsdata tilgjengelege for søk, sortering og samanlikning, noko som forenklar mellom anna kartleggingsarbeidet, uthenting av data ved rapportering og erfaringsoverføring på tvers av selskapet. Vi håpar difor at EXPO Addon kan halde fram med å vere nokolunde standardisert med omsyn til sentrale parameter som til dømes yrke og arbeidsoperasjon, slik at Equinor kan gjere gode samanlikningar mellom selskapet sine eksponeringsnivå og middelverdi for bransjen, seier Kristin Gellein vidare.

Verdi for selskapet

– Vi er særs glade for at ein så stor og seriøs aktør som Equinor i oljebransjen ser fordelane med lagring i EXPO, at dei ønskjer å lagre eksponeringsmålingar i den nasjonale databasen og bruke desse i sitt arbeidsmiljøarbeid. Vi håpar og trur at dette vil føre til at andre selskap også ser kva for verdi EXPO tilfører verksemdene, seier Ragnhild Strand Østrem, EXPO-ansvarlig i STAMI.

Dette er EXPO:

EXPO er det nasjonale registeret for eksponeringsmålingar utført i norsk arbeidsliv. EXPO skal gi auka kunnskap om kjemisk eksponering i arbeidslivet. Registeret skal bidra til å fremje gode arbeidsforhold for arbeidstakaren gjennom kjennskap til samanhengar mellom kjemisk eksponering og helse.

EXPO Online er ei gratis nettløysing som verksemder kan bruke for å registrere og samle sine luftprøver. Her får verksemder oversikt over kva dei tilsette blir utsett for, og om nivåa er høge eller låge. Dette er svært nyttig i HMS-arbeidet for å kunne gjennomføre målretta tiltak der det trengs.

EXPO Addon er ei online-løysning spesielt tilpassa petroleumsnæringa slik at også denne næringa enkelt kan nytte EXPO til enkel lagring, søk og samanlikning av eksponering i eiga verksemd og med næringa.

  • Meir info om EXPO-registeret