Det er ofte ikkje mogleg å sjå, men inne på Baker Hansen sitt bakeri i Bærum, er det støv overalt i lufta. Slik er det i alle bakeri. Dei minste partiklane frå mjøl og andre tørre råvarer kan sveve rundt og bli pusta inn av dei som arbeider der.

– Vi er eit bakeri, så vi er klare over at det er risiko knytt til mjølstøvet her, seier Cathrine Hals Alsaker, HMS-ansvarleg i Baker Hansen.

Derfor måler dei jamleg nivået av støv i bakeriet, og har identifisert nokre område der det er meir støv enn andre.

– I desse områda har vi tiltak, som lukka prosessar, avsug, mjøl som støvar mindre, og tilpassa reinhaldsrutiner, seier Alsaker.

Bakar bollar og samlar inn støv

Det er ein relativt høg del av tilsette i næringsmiddelindustrien som oppgir at dei har luftvegsplager, samanlikna med andre bransjar.

Derfor undersøker våre forskarar om protein i luft kan vere ein betre markør for luftbåren eksponering i næringsmiddelindustrien. Dei undersøker òg om protein i luft er ein betre metode enn andre for å bestemme yrkeseksponeringa for støv, og på sikt kan erstatte dagens gjeldande grenseverdiar.

STAMI sine forskarar har utstyrt dei tilsette på bakeriet med luftprøvetakarar som dei har på seg mens dei lagar brød, bollar og kaker. Desse samlar inn støv i lufta, slik at forskarane etterpå kan analysere støvet dei tilsette arbeider i.

– Vi samlar inn alt støvet som det er mogleg å inhalere, fordi den typen støv kan gi helseeffektar i både øvre og nedre luftvegar, seier Christine Darbakk, som er stipendiat ved STAMI.

Så gjer dei ein screening av støvet, der dei ser etter den totale mengda protein, totalt inflammatorisk potensial i støvet, og allergen. Det totale inflammatoriske potensialet til støvet kan dei bestemme ved hjelp av ein test, eit in vitro assay, basert på granulocytt-like celler.

– Det er tidlegare vist god samanheng mellom kjente komponentar i arbeidsmiljøet som kan gi arbeidsrelaterte luftvegssymptom og utslag i totalt inflammatorisk potensial-testen som vi skal bruke i vår studie. Denne testen kan derfor vise oss kva arbeidsoperasjonar og støv som kan ha mest påverknad på luftvegane, og i kva område som er viktigast å redusere eksponeringa, seier Darbakk.

Enkle tiltak med stor effekt

På bakeriet kan dei ikkje klare å lage eit heilt støvfritt miljø, men dei gjer sine eigne luftprøver og tilpassar arbeidet basert på dette.

– I nokre område ser vi at vi ikkje kan halde støvnivåa under tilfredsstillande verdiar. Då må ein bruke støvmasker i dei prosessane som vi veit støvar, seier Alsaker på bakeriet.

I tillegg til avanserte målingar, har dei òg innført enkle, men viktige grep.

– Det kan vere små ting som har stor effekt, som å rulle saman dei tomme mjølsekkane, i staden for å slå dei flate. For då vil støvet virvle opp, seier ho.

Undersøker mange typar pulver

I 2020 var det i overkant av 47.000 tilsette i næringsmiddelindustrien (SSB, 2020, 3. kvartal). Dette utgjer omlag 20 prosent av industriarbeidarane i Noreg, og omlag 1,8 prosent av talet på lønstakarar i Noreg.

– Næringsmiddelindustrien er eit felt der det er lite kunnskap frå før om kor høg støveksponeringa er og kva støvet inneheld. Kunnskapen frå denne studien vil legge grunnlaget for framtidige studier på helseeffektar og eksponering i næringsmiddelindustrien, seier Raymond Olsen, seniorforskar og leiar for dette prosjektet.

Det finst få relevante grenseverdiar i luft for den typen støv ein kan finne i næringsmiddelindustrien. Mjølstøv er i dag den einaste spesifikke grenseverdien i næringsmiddelindustrien.

Det er derfor bruk for betre og meir spesifikke analysemetodar enn dei ein nyttar i dag. På den måten kan bedrifter og bedriftshelsetenester kunne jobbe godt førebyggande med omsyn på denne typen eksponering.

Det er ikkje berre i bakeri dei skal samle inn støv. Dei skal også gjere målingar under produksjon av supper, sjokolade, potetgull, i arbeidssituasjonar der ein bruker pulver, krydder og andre tørre råvarer som inneheld protein og som er i pulverform.