Asbestmateriale var populære bygningsmateriale i Noreg frå 1930-talet, fordi dei var haldbare og motstandsdyktige mot vind og vêr. Materiala blei forbodne på 1980-talet, då ein fann ein samanheng mellom asbesteksponering og fleire kreftformer. Likevel finst slike materiale framleis i bygningar og hus frå perioden.

At det finst asbestfibrar i byggjemateriale, er nemleg uproblematisk så lenge dei får liggje urørt.

– Det er først når ein byrjar å handtere desse materiala, til dømes ved rivning og renovering, at asbestfibrane blir frigjorde så ein kan puste dei inn. Derfor er det viktig at slikt arbeid blir gjort av nokon som veit korleis dei kan verne seg sjølv og andre mot asbesthaldig støv, fortel STAMI-forskar Torunn Kringlen Ervik.

Tok prøver under ulike typer arbeid

Ervik er førsteforfattar av ein nyleg publisert studie der forskarane undersøkte kor mykje og kva slag asbestfibrar som blir sloppe ut i lufta ved asbestsanering.

I studien samla forskarane inn luftprøver frå bygg der ein sanerte asbesthaldige materiale. Dei innhenta personlege prøver frå pustesona til arbeidarane, og stasjonære prøver frå fastplasserte prøvetakarar. Forskarane samla inn prøver både innandørs og utandørs.

Dei innvendige prøvene blei tatt mens arbeidarane handterte isolasjonsplater (Asbestolux), røyrisolasjon, PVC-fliser og eit korkplategolv. Dei utvendige prøvene blei tatt ved arbeid med takplater, takshingel og veggshingel (Eternit).

Arbeidarane brukte stort sett handhaldt utstyr som skrutrekkjarar og brekkjern for å fjerne vegg- og takplatene, og golvskrape for å fjerne golvflisene. Bruk av maskin skjedde berre ved sliping av golv.

Høg eksponering ved kortvarig arbeid

Prøvene med dei høgaste fiberkonsentrasjonane var tatt i samband med fjerning av isolasjonsplater (Asbestolux). Dette er plater som inneheld mykje amositt og krysotil, og som lett smuldrar opp.

– I nokre tilfelle var fiberkonsentrasjonane over 40 gonger høgare enn grenseverdien vi har i dag, fortel Ervik.

Forskarane ønskte også å undersøkje asbesteksponering ved kortvarig arbeid (opptil 60 sekund). Dette omfatta mellom anna å bore hol eller sage i materiala.

– Det viste seg at også slike små arbeidsoperasjonar førte til relativt høge konsentrasjonar av asbestfibrar i lufta. Dette understrekar kor viktig det er å kartleggje asbesthaldige materiale før ein startar rivinings- eller renoveringsarbeid, så ein unngår å puste inn asbest, seier ho.

Forskaren peiker på at studien også indikerer kor viktig det er med god og lett tilgjengeleg rettleiing om verneutstyr til huseigarar som vel å gjere asbestfjerninga sjølv,.

Samanlikna målemetoder

I studien blei dei innsamla luftprøvene analyserte med både lysmikroskop og elektronmikroskop.

– Vi ønskte å samanlikne to analysemetodar, for å finne ut kven som er best eigna til å vurdere eksponeringsnivået. Så vidt vi veit, er det ingen tidlegare studiar som har samanlikna målingar gjort med lysmikroskop og elektronmikroskop knytt til asbestsanering, seier Ervik.

I Noreg har ein tradisjonelt brukt lysmikroskop til å undersøke mengda asbestfibrar i luftprøver. Å telje asbestfibrar på denne måten er relativt billig og raskt, noko som sannsynlegvis er grunnen til at metoden framleis blir mykje brukt.

– Ulempa ved denne metoden er at han ikkje gir informasjon om den kjemiske samansetninga til fibrane, forklarer forskaren.

Andre fibrar kan gi feil prøvesvar

Manglande informasjon om den kjemiske samansetninga til fibrane kan vere problematisk, fordi luftprøvene også kan innehalde andre typar fibrar.

– I denne studien opplevde vi for eksempel at det låg gipsfibrar på golvoverflata, som blei kvervla opp då arbeidarane fjerna golvet. Sidan lysmikroskopet ikkje kan avgjere om det er gips eller asbest, vil gipsfibrar også bli talde med når ein brukar eit slikt mikroskop. Dette kan føre til at talet på asbestfibrar i prøva blir for høgt, seier STAMI-forskaren.

I eit elektronmikroskop kan ein derimot få informasjon den kjemiske samansetninga til fibrane. Dermed kan ein avgjere om det er asbestfibrar eller ikkje.

Den største forskjellen mellom dei to målemetodane blei funne i prøver tatt under fjerning av nettopp golvbelegg.

Elektronmikroskopet finn også tynne fibrar

Elektronmikroskopet gjer det i tillegg mogleg å sjå nærare på tjukna og lengda til dei frigjorde asbestfibrane.

Forskarane fann at det blei frigjort ein høg andel tynne fibrar (under 0.2 µm) ved sanering av materiale med mykje krysotil (også kalla hvitasbest). Andelen tynne fibrar var lågare når materiala inneheldt mykje amositt (brunasbest) eller krokidolitt (blåasbest).

– Lysmikroskopet vil ikkje sjå slike tynne fibrar, og dei vil derfor ikkje bli talt viss ein bruker denne metoden. Resultata våre viser at ein bør velje analysemetodar som både kan bestemme kva type fiber det er snakk om, og fange opp dei tynne fibrane, avsluttar Ervik.

Les artikkelen: Measurements of airborne asbestos fibres during refurbishing