Det er viktig å ha kunnskap om kva prøvetakingsteknikkar som ein skal bruke i yrkesmiljø for å optimalisere partikkelprøvetakingsstrategien.

Kunnskap om styrkar og svakheiter til analysemetodane vil også gi deltakaren nyttig innsikt i kva metode som er best å bruke til ulike føremål.

Nordisk kurs

17. november leiar STAMI eit totimarskurs i regi av Nordisk institusjon for vidareutdanning innanfor arbeidsmiljøområdet (NIVA).

Dette kurset handlar om prøvetaking og karakterisering av luftborne partiklar i arbeidsmiljø.

Her finn du påmelding og meir informasjon om kurset

Det finst mange ulike prøvetakningsmetodar og prøvetakarar for å samle partiklar i arbeidsmiljø.

– Kva ein bruker er avhengig av kva partiklar ein skal samle, og av metodane vi bruker for å analysere. Det er derfor viktig å ha kjennskap til dette for å optimalisere prøvetakingsstrategien, seier Torunn Kringlen Ervik, som er forskar på STAMI og leiar dette kurset.

Ulike metodar

Deltakarane på kurset vil få innsikt i ulike prøvetakingsmetodar og analyseteknikkar for å karakterisere partiklar i arbeidsmiljøet, med døme frå ulike arbeidsmiljø.

Kurset passar for alle som jobbar med kjemisk eksponering i arbeidsmiljø, som forskarar innan yrkeseksponering, yrkeshygienikarar, Arbeidstilsynet og legar i arbeidsmedisin, seier Ervik.

I kurset får deltakarane tre presentasjonar, der det òg blir tid til spørsmål og diskusjon:

  1. Ein introduksjon om prøvetaking av svevestøv på arbeidsplassen
  2. Sanntidsmålingar brukt i arbeidsmiljøet
  3. Partikkelkarakterisering ved skanning og transmisjonselektronmikroskopi.